Om meg

Eg heiter Olea og er ei sunnmørsjente på 16 år. Eg driv med havpadling, noko eg har gjort i 3 ½ år. Eg starta på våttkortstigen i 2010, og tok då Grunnkurs UNG under samlinga på Rangøya. I juni 2011 gjekk eg teknikkurs. Hausten 2011 gjekk eg aktivitetsleiarkurs, bestod kurset, og er no utdanna Aktivitetsleiar HAV i Våttkortstigen.

Padlinga for meg starta i 2008 då mamma og pappa kjøpte seg kvar sin Haste Excursion 520. Vi fann fort ut at dette var kajakkar som ikkje passa vårt bruk. Mamma sin blei fort skifta ut med ein Tahe Marine Greenland, og pappa sin med ein Valley Aquanaut. Eg padla mange forskjellige kajakkar fram til eg den 5. juni 2011 kjøpte ”Dønningen”, ein North Shore Polar.

Eg padlar mykje rolege turar mellom holmar og skjer, men aller best likar eg å padle i litt bølgjer og dønningar. I tillegg til dette har eg ein del timar med bassengtrening bak meg, der vi rullar alle moglege grønlandsruller, og terpar på teknikkar og anna som ein både kan godt og ikkje kan so godt.

Under kvar padletur tek eg med meg nye erfaringar som hjelp meg med å kome vidare. Teknikk betrar seg for kvar gong, og det blir berre kjekkare og kjekkare å padle. Frå å vere ein sommarsesongaktivitet, har padlinga blitt noko som eg driv på med heile året, stort sett uansett vêr.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s