Kveldstur i Kjeldsund-området

Onsdag kveld var og og mamma på tur saman med Tor Inge, Eldar og Odin. Vi padla i frå Kjeldsund rundt ti over åtte. Eg padla min eigen båt, mamma padla Nordkapp, Tor Inge padla sin Play, Eldar padla Romany, og Odin padla Atlantic LV som han hadde lånt med Tor Inge. Eg håpte på å få prøve Atlantic LV. Prøvde båten litt då eg skulle prøve Polaren som ein gong skulle bli min eigen, men hadde lyst til å prøve han meir.

Vi padla inn i mellom holmar og skjer, alle plassar der ein kan padle igjennom. Turen gjekk under Dragsundbrua, og vidare til Vedøya. Rull og tull, kant og sveip. Alt slikt var med, og er vanleg på turane med Herøy Kajakklubb. Medan nokre tok pause på Vedøya for å tøme det som må tømast, spiste oss resten jordbær. Valldal-jordbær – verdens beste! Før vi padla tilbake, bytta mamma til Atlantic LV, Odin til Play og Tor Inge til Nordkapp.

Etter fem minutt på sjøen bytta eg og mamma kajakk, so eg fekk padle Atlantic’en eit stykke. Lårstøttene på båten var kanskje litt lave, men han var elles god å padle. Vi padla same ruta tilbake. Eigentleg er det ganske fint å padle på Sunnmøre. Sunnmøre er eit padleeldorado, ei padleperle!

Då vi var tilbake igjen til “startpunktet”, ville eg prøve rulla. Eg visste ikkje heilt i begynnelsen, litt redd for kaldt vatn i øyrene. Men til slutt velta eg, og det var eigentleg ikkje so kaldt som ein skulle tru. Rulla oppatt gjekk like fint som vegen ned. Då eg likevel hadde bløytt håret, tok eg same rulla igjen, sveiperulla, berre i frå andre sida. Og det gjekk like bra. Eg er fonøgd med at eg fekk det til. Og det var veldig gøy!

Takk for turen, mamma, Tor Inge, Eldar og Odin! :-D

Posta under Turar | Kommenter innlegget

Dag Reidar prøver Aquanaut HV

Vi budde ei natt i lavvo ved hytta til Margrete, Dag Reidar og ungane. Dag Reidar har brukt å padle ein del, og har ein kajakk av merket Svalbard. Kajakken fekk ein skade i vinter, då eit takras slo to hol i kajakken då den hang på veggen. Vi hadde med hengaren og alle kajakkane våre, so vi fekk ta oss ein tur.

Pappa køyrde hengaren ned til fjorden før vi tok kajakkane på vatnet. Mamma tok Nordkappen, og Dag Reidar tok pappa sin Valley Aquanaut HV. Eg padla min eigen kajakk. Det var varmt, nærmare 25 grader i skyggen, so vi droppa tørrdraktene.

Vi padla inn i gjennom Lustrafjorden, eit godt stykke. Vi snudde då vi hadde padla rundt fem kilometer, og padla omtrent same ruta tilbake. Mykje prat om kurs, kajakkar, og elles det som ein pratar om på padletur. Då vi var tilbake igjen, venta det ein god grillmiddag på oss!


Veldig kjekk tur! :-D

Posta under Turar | Kommenter innlegget

“Kosetur” til Runde

I over ei veke har det vore planlagt at Herøy Kajakklubb skulle til Runde på kosetur. Det var meldt fint vêr, so eg og pappa bestemte oss for å bli med.

Då vi kom til Runde-stranda, var det flatt hav. “Uff… Er det so flat sjø? Det er ikkje sikkert det blir gøy ein gong!” sa eg, opptil fleire gongar, faktisk. Eg trudde faktisk ikkje det kom til å bli so veldig artig. Eg kledde på meg tørrdrakta mi, og pakka for sikkerheitsskuld (det gjer eg nesten alltid) ekstraklede, Jerven-duk og førstehjelpssaker i kajakken. Etter ein halvtime, etter gjengen hadde helst litt på kvarandre, la vi ut på det flate havet.

Allereie då vi kom forbi Runde-brua, merka eg at eg hadde tatt litt feil, det med flatt hav, altso. Dønningane var kanskje ein meter på det høgaste, omtrent på den høgda dei var sist gong eg padla her.

Dønningane blei høgare og høgare di lenger vi padla. No begynte det å likne noko her. Det dukka opp lundefuglar, havsuler og mykje anna dyreliv som ein sjeldan ser heime i Ulsteinvik. Om ein skulle beregne høgda på dønningane no, var dei kanskje 1,5 til 2 meter mellom bølgjedalane og bølgjetoppane. Eg tok fram hjelmen min, det er litt skummelt å padle i slike forhold med mykje stein der det er lett å fange surf. Men eg koste meg verkeleg.

Lundeura og fuglefjellet dukka opp litt etter litt, og vi fekk verkeleg sjå kvifor Sunnmøre var eit padleeldorado. Vi padla litt inn i grottene, men vi snudde sidan dønningane slo tilbake i frå grotteveggane. Dønningane blei omdanna til bølgjer inne i grottene, og eg beregna det ikkje lenger som forsvarleg å vere der. Då vi kom ut, var der ein båt med kanskje 15-20 passasjerar, truleg turistar. Dei følgde med på oss, eg trur dei meinte vi var litt galne. Men eg peikar tilbake på dei som stod i båtan utan flyte- eller redningsvest. På den måten, er det dei som driv med risikosport!

Eg veit ikkje om fuglane har noko i mot oransje, men det verkar sånn. Det landa fleire og fleire suppeklumpar på kajakken min. Det var ein som traff arma på drakta mi også. Nesten sånn eg lurer på om dei siktar. Pappa fekk ikkje noko på verken seg eller båten sin. Men det er eit fuglefjell, so kva anna skal ein eigentleg forvente?

Vi skulle til å runde fyret. Dønningane blei til bølgjer på kanskje tre meter, og det var ikkje enkelt å sjå kor det braut hen, og kor vi skulle padle for at kajakken skulle vere heil då vi kom heim. Eg padla ved sidan av Sygni. Det er kjekt å prate med henne, og samtidig so skal ein aldri padle aleine. I alle fall ikkje i slike forhold! Eg var komfortabel med forholda, noko som overraska meg. Sygni syntes ikkje det var like artig med desse bølgjene. Og det forstår eg godt. Vi heldt oss i lag, sånn at hjelpa ikkje var langt vekke om det skulle skje noko uventa. Heldigvis gjekk det bra!

Ved Runde-fyret er det laga til ei trapp og ein platting av betong, so det var ganske enkelt å kome seg på land når ein først hadde funne ein fin plass å kome seg ut. Vi hadde planar om å tenne bål. Etter litt leiting, fann vi rette bålplassen. Vi steikte kylling, medan grillribber og mór stod på dei andre sine menyar.

Då klokka var godt over ni, begynte vi å tenkje på å kome oss tilbake. Det var nokre som måtte rekke ei ferje, og eg var svolten på å kome meg ut i bølgjene igjen. Elin og Therese bestemte seg for å gå over fjellet. Det blei litt i meste laget å gå over frå kosetur med dei yngste, til bølgjer på to-tre meter i frå alle kantar.

Sidan Elin og Therese gjekk over fjellet, måtte to av kajakkane på slep. Eg tok meg av ein av dei. Tenkte det hadde vore greitt å øve på slep i bølgjer før aktivitetsleiarkurset. Eg måtte gi meg på det då vi var komne rundt det verste partiet rundt fyret. Eine skuldra mi var ikkje heilt god, so eg trur det var det rette.

Vegen tilbake synes eg gjekk veldig bra. Sjøen var mykje rolegare enn då vi var der tidlegare på dagen. Nokre av dønningane var kanskje 1,5 til 2 meter, men ikkje alle. Eg prøvde å surfe litt, og det var nauta gøy. Etter kvart blei dønningane mindre igjen, og dei fleste var på kanskje ein meter. For åtte timar sidan hadde eg sikkert ikkje kalt dette for rolege forhold, men det gjorde eg no. Deilig!

Då vi var komne inn igjen til stranda, vurderte eg å øve litt på å rulle. Men då innsåg eg at eg var sliten, og ga meg på den idèen. Det første eg tenkte på då vi kom inn igjen, var om eg klarte å gå. For det verka ikkje slik. Eg sleit litt med å få løfta beina opp i frå cockpiten utan å velte, men det gjekk til slutt. Eg hadde spent beina fast i kajakken heile turen, so det er ikkje rart det var rart å gå igjen.

Vi bar opp kajakkane ganske raskt, sidan ferja ikkje kan vente på nokon. Tor Inge hadde hatt med seg nokon inn med land så vi padla mot fyret. Då hadde ein ho som hadde ein Valley Avocet, hadde fått fart inn mot baugen til Tor Inge, so det var hol akter på plastkajakken.

Dette var ein veldig spennande og lærerik tur. Eg koste meg heile turen, og håper på fleire slike turar.

Foto av Olea, Tor Inge og Lene

Driiitgøy! :-D

Posta under Turar | 2 kommentarar

Kosetur til Osnessanden

I går var det fint vêr og god temperatur, so eg, pappa, Bryndis, Ragnhild, Trygve og Bonus tok oss ein tur til Osnessanden. Vi tok med oss grill og grillmat, og ein kano. Min og pappa sin kajakk var også med, sjølv om vi var usikre på om vi fekk padla.

Då vi kom ned på Osnessanden, var det stilt for vinden, noko som var uventa. Det var litt bølgjer, men det har vi ikkje særleg vondt av når ein passar seg. Det var nesten ikkje folk på stranda, og dei som var der var ikkje so nær. Vi slapp laus Bonus på stranda. Veldig populært!

Pappa tende grillen, og eg gjekk for å ta på meg tørrdrakta. Eg vurderte eit lite sekund på om eg skulle bytte ut ull-kleda med noko som ikkje var so varmt, men eg lot vere. Pappa hjelpte meg med å bere ned kajakkane. Eg såg det var litt bølgjer, so eg tenkte eg skulle prøve å surfe litt. Herleg!

Vi grilla pølser og koste oss. “Islandske bensinstasjon-pølser”, i alle fall ei etterlikning. Pølser i brød med ketchup, sennep, remulade, stekt løk, rå løk, cockteilsosa og ei anna dressing eg ikkje hugsar navnet på. Nam!

Bølgjene blei større, og det begynte å blåse litt, og eg følte for å kome meg på vatnet. Det kom bølgjer frå fleire forskjellige retningar, og vinden frå ei anna retning igjen, so eg visste ikkje om det ville gå, men eg skulle i alle fall prøve. Bølgjene blei ikkje store før dei siste tjue meterane før stranda, so eg fekk ikkje fanga so mange surfar, men eit par. Etter et par nesten-veltar, ville eg prøve ut teknikkane. Det gjekk bra, men måtte konsentrere meg. Eg må ut og trene teknikk i meir sjø, det eg!

Etter kvart som vi gjekk tomt for marsmallows, kom resten av gjengen. Bryndis, Ragnhild, Trygve og Bonus nøya seg med å vasse, medan eg og pappa brukte båtane. Pappa ville trene litt på eskimoredning og rulla, so vi gjorde det. Eg rulla ikkje, var eigentleg ikkje i vatnet, berre då Bryndis bestemte seg for å velte meg då eg skulle på land. Ho fekk seg eit bad litt seinare på kvelden, berre so det er sagt! ;-)

Resten av kvelden gjekk med til vassing og bading, nytte siste varmen på grillen til ei pølse eller to. Koseleg kveld! Dette er den “rette” måten å bruke sommarkveldane på!

Takk for ein fin sommarkveld!

Posta under Turar | Kommenter innlegget

Teknikkurs med Lidun, dag 2

I går heldt Lidun andre og siste delen av teknikkurset som eg hospiterte på. Eg gledde meg veldig. Etter dagen, med mykje meir læring enn det eg trudde kom til å bli, er det ikkje særlig rart. Såg fram til ein dag som ville gjere meg til ein betre padlar.

Klokka ni begynte vi på Osnessanden. Ein på kurset hadde kome med ein ny kajakk. Ein Arrow Play! Om eg skulle hatt ein kajakk til, hadde det blitt Arrow Play. Bra valg av kajakk! Med ein gong vi var på vatnet, begynte eg på kantinga. Bli kjend med båten igjen. Det gjekk veldig greitt.

Taka frå i går – både dei nyttige og dei unyttige, blei repetert. Eg merka då eg hadde padla meg opp i litt fart, at dagen før hadde eg brukt litt krefter. Lite søvn natta etter, gjorde ikkje saka betre. Men å padle gjer meg meir opplagt, og eg føler meg betre. Kjem med andre ord i betre form. “Veltetaket” sit enda, tenkjer på å døype det om! Alle teknikkane sit godt enda :-)

Vi padla ved land. Dønningane var mellom 25 og 50 cm, tenkjer eg. Og medan vi var ute på sjøen, var det ei på kurset som fekk migrene, ho hadde hatt vont i hovudet heile dagen, men hadde blitt litt værre. Vi fekk støtte til henne, medan vi andre kopla oss i eit langt slep, og fekk ho inn igjen. Dette var ei reell hending, og eg har lært av den.

Etter ei lita pause, trente vi tauing. Lidun skulle vere sjøsjuk. Eg skulle støtte ho første gongen. Etter eit par-tre minutt, ville ikkje handa mi meir. Men eg prøvde å halde likevel, og det gjekk heldigvis. Men det er ikkje berre-berre å taue nokon som er sjøsjuke, og ligg delvis bevisstlause på meg som støttar. Neste øving, var eg nest bakert i tauelina (framfor pasient og støtte). Eg skulle velte, og vi skulle då løyse oppgåva. Få pasienten fortast mogleg inn til land, og nokre skulle hjelpe meg med kameratredning. Det blei mykje stress om kven som skulle hjelpe meg, og kven som skulle hjelpe pasienten. Men det gjekk heldigvis bra.

No skulle vi trene på eskimoredning. Hoftebevegelsen i eskimoredning, finn ein også i rulla. Eg prøvde ikkje eskimoredninga på mitt teknikkurs, og fekk lært henne her. Det er eigentleg ikkje so skummelt.

Heilt til slutt skulle vi prøve rulla. Omtrent alle fekk den til. Eg klarte rulla på første forsøk, på trass av nokre månadar med “rulle-ferie”. Då er eg fonøgd. Eg fekk til sveiperulla kvar gong eg prøvde, svært fornøgd! C-C-rulla har eg ikkje lært meg før, men vil lære den fortast mogleg. Fekk den til eit par gongar, ein av gongane litt hjelp i frå strandbotnen. Men øving gjer meister!

Eg er veldig glad for å ha fått bli med Lidun på dette kurset, det har gjort meg til ein betre padlar. Eg veit no meir om kva som kan oppstå når ein er ute på sjøen i kajakk, og veit betre kva eg skal gjere. Takk for ei helg med læring og nye erfaringar!

Posta under Kurs | 2 kommentarar

Teknikkurs med Lidun, dag 1

I helga får eg vere hospitant på teknikkurset som Lidun held. Eg tenkte at dette kom til å gå glatt, for eg kunne alle teknikkane skikkelig i frå før. Men der tok eg feil. Eg har forbetra teknikkane mine, og har utfordra meg. Dagen endte med fire uforutsette veltar. Bra!

Då vi starta på Osnessanden laurdag morgon, begynte vi å øve på kanting. Eg brukar å ha som ein fast regel å teste ut kantinga mi med ein gong eg kjem på vatnet. Men eg fann ut at eg har mykje meir å gå på. I begynnelsen var det ikkje so bra, men etter kvert kom det seg, og eg fekk ein god og stabil kant, men eg har enno meir å gå på.

Det blei ein del veltar når vi øvde på kanting. Vi øvde difor på støttetak. Ein av øvelsane der, var at ein person sit på bakdekk til ein annan, og skal prøve å velte den som sit i cockpit. Den som sit i sjølve kajakken, skal gjere lave støttetak for å unngå ein velt. Den øvelsen følte eg at eg fekk mykje tilbake av. Dette må eg gjere oftare!

Vi gjekk vidare på effektive framdriftstak. Der forbetra eg rotasjonen i kroppen når eg padlar. Fekk også vite om ein måte å øve på rotasjon i kroppen; Å padle slik at åra ikkje er over cockpit, då blir ein nærmast tvungen til å padle med god rotasjon i kroppen.

Bakre styretak begge vegar, var neste på programmet. Inn-inn og ut-ut som Lidun kallar dei. Kante inn, og vinkle åra inn, ut-ut er omvendt; kante ut, og vinkle åra ut. Blir som oftast brukt under surf. Merka på turen etter grunnkurset med Anne-Line, Gunnar og Andreas at ein ikkje kunne styre surf like effektivt med sveipetak som med bakre styretak. Vil gjerne prøve på surf snart, få prøve det ut! :-)

Unyttige tak er også noko. Det er slike tak som ein brukar for å imponere folk på stranda! :-) Og under denne øvinga, lærte eg meg “veltetaket” til mamma. Ho brukar å plassere åra nederst ved baugen, og kante på same sida. Men veit ikkje om eg skal kalle det veltetak lenger, sidan det går an utan å velte. Veldig artig med sånne tak som er heilt unyttige!

Etter unyttige tak, gjekk vi vidare på dei som var meir nyttige. Vi øvde på baugtak og hengetak. Etterpå blei det lav telemarksving. Eg har lært Lidun sin versjon av høg telemark, og trur kanskje hennar sin versjon er betre for skuldra enn den eg har brukt. Men dette skal eg finne ut av.

Til slutt blei det bading! Då skulle vi prøve å sjå kven som kunne stå lengst i kajakken. Eg klarte ikkje å stå i kajakken. Må trene på å sitje på bakdekk med føtene i cockpit. Det er nok der problemet er. Vi øvde ein del på redningar. Ein av kurs-deltakarane var so uheldige å knekke åra si, men har heldigvis ei ekstra til morgondagen. Der ser ein kvifor det er viktig med ekstraåre!

Dagen har vore veldig lærerik. Har lært meir enn det eg trudde eg skulle lære. Er med andre ord fornøgd med dagen. Eg er veldig glad for å få bli med på dette kurset.

Osnessanden - Ein perfekt plass for teknikktrening! (Arkivbilete)

Takk for ein flott dag. Ser fram til ein ny dag i morgon med mykje ny lærdom.
KJEKT Å PADLE!

Posta under Kurs | Kommenter innlegget

Tur etter grunnkurset med Anne-Line, Gunnar og Andreas

Då vi hadde fullført grunnkurset som mamma og Eldar heldt for Anne-Line, Gunnar og Andreas, la vi opp til ein tur. Det er veldig kjekt på tur, og vi måtte ha rundt tre timar til for å oppfylle krava til grunnkurs-pensumet.

Vi padla på Kjeldsund. Det er ikkje so vanskelig for Andreas å leggje ut der, og Kjeldsund er eit flott område. Ein skal padle mykje for å få med seg heile området. Eldar hadde spart ei rute til siste dagen. På eit kurs må ein ha ein skikkelig finale, og det var det Eldar hadde lagt opp til. Vi skulle padle langs land og forbi hytteområdet og litt vidare rundt øyene og holmane. Der skulle vi finne in fin pauseplass. På vegen padla vi litt “innimellom” krikar og krokar, under flo og fjøre.

Pauseplassen var ganske grei. Andreas kom seg på land åleine, drog opp kajakken, og flytta seg eit godt stykke opp på graset. Utan bein å bruke! Er mektig imponert! Vi andre kom oss på land. Det var ikkje nok plass til alle båtane, so nokre tok vi heilt på land, medan andre knytte vi fast i eit tre med slepeline.

På land stod nektarinar, kjeks, juice og anna godt på menyen. Som sagt; Mat smakar aldri so godt som på tur! Og dette var ikkje eit unntak. Nam!

På tilbakevegen, passerte det ein mellomstor båt med god fart bak oss. Første eg tenkte: SURF! Eg hadde aldri surfa skikkelig før, so dette skulle bli spennande. Fy søren kor ei fart, og det var ikkje berre-berre å halde på surfen heller. Eg fekk fanga nokre surfar, Eldar og Andreas fanga enda fleire! Å, so gøy! :-)

Det var ikkje berre surf vi møtte på tilbakevegen. Jammen det var det niser på tokt! Vi såg svarte ryggfinner som kom opp imellom bølgjene. Det såg ut som det var nokre, ikkje berre nokre få. Det er mykje ein får oppleve i kajakken som ein ikkje får oppleve i frå stovevindauget heim. Det er sikkert og visst!

Då vi var tilbake, ville Eldar filme Andreas sine redningar. Takka også i dag båten for ein flott tur med ein kiss-the-bow. Er nesten blitt litt eskimo, eg!

Mamma som er fotograf:

Takk for flott tur!

Posta under Kurs, Turar | Kommenter innlegget