Dei siste par åra har Herøy Kajakklubb satsa på ungdomar. Vi er i dag ein klubb med 3 unge aktivitetsleiarar. Vi har hatt Grunnkurs UNG og Teknikkurs UNG fleire gongar under Kystkultursamlinga på Herøy Gard, og eit Grunnkurs UNG i mai 2014. Til hausten skal vi ha Aktivitetsleiarkurs UNG på Herøy Gard. Då får vi utdanna nye unge aktivitetsleiarar. Grunna kurset i haust, har vi Aktivitetsleiar UNG-arane fått sommarjobb med å arrangere treningar for å forberede ungdomar til dette kurset. I dag, 8. juli, gjennomførte vi den første av 10 treningar.
Fokuset i dag har vore redningar. Det virkar som vi alle sit igjen med betre og sikrare redningar. Vi har jobba med cowboyredning, kameratredning (vanleg kameratredning og stigeredning/X-redning), eskimoredning (bruke ein annan padlar sin baug på å rulle seg opp att) og redning av bevisstlaus person i kajakk. Nokre har også fått lukta litt på rulla, og andre har den inne frå før.
Neste ungdomstrening blir 16. juli på Osnessanden i Ulstein kommune. Ta kontakt med meg om du ønskjer å vere med (olea96@live.no). Krava er at du er mellom 13 og 25 år, er medlem i Herøy Kajakklubb, og har Grunnkurs / Grunnkurs UNG frå før. Du får låne alt utstyr med Herøy Kajakklubb. Vi håper på å sjå deg der 🙂
Etter ei flott oppleving og ei kjekk samling på Stokkøya i fjor, hadde vi allereie bestemt oss for at vi skulle på Stokkøya også i år. Og ikkje ulikt frå i fjor, vart det utruleg gøy.
Du kan lese meir om samlinga på LilleSorte sin padleblogg.
Her er ein liten videosnutt eg har laga frå Stokkøya.
Den 11.-12 mai held eg og Mads Jacob Utseth Stave Grunnkurs HAV for deg som har lyst å lære å padle havkajakk. Kurset går over 16 timar fordelt på to dagar. Grunnkurs HAV er eit grundig kurs i teknikk og sikkerheit. Du kan lese meir om kurset HER.
Pris for medlemmar i Herøy Kajakklubb er 1.500,- , for ikkje-medlemmar 2.100,-. Begge prisane inkluderer eventuelt lån av utstyr. Påmelding skjer på vedlagt link. Har du spørsmål, ta kontakt med meg på epost; olea96@live.no.
Etter fire månadar i rullestol, har eg endeleg kome meg både på beina og på sjøen igjen. Det var utruleg deilig! Det var meldt fantastisk vêr, og eg og Mads hadde tenkt oss ein tur. Og då tok vi med oss mamma og Trygve.
I tre-tida la vi ut frå den vesle stranda på Kjeldsund. Då vi la ut kjente eg verkeleg at det var ei stund sidan sist eg padla. Det var ikkje ustabilt eller noko, kanting og teknikk fungerte som før, men spruttrekket har stramma seg ganske so mykje på dei siste månadane.
Vi padla rundt Bakarholmen og inn i laguna. På ein kosetur som det her, tok den strekninga ein halvtimes tid. Og slik det fungerer i Herøy Kajakklubb, er det slik at ein ikkje tek pause fordi ein er svolten, ein blir svolten fordi ein tek pause. Og som sunnmøringane vi er, hadde vi omtrent kjøpt opp halve lageret til Mega med påskegodt, vi skal jo på tur! Det var jo halv pris! Det nye og betre livet får heller starte i morgon. I morgon, i morgon, men ikkje i dag…
Ein kjenner når ein er utandørs, spesielt på kysten, at midten av april langt i frå er sommar. Det var ganske kjølig. Det er slike dagar Jerven-duken kjem til nytte. Eg og Trygve delte, som kamuflerte siamesiske tvillingar, medan vi kunne nyte Kvikk-Lunsj, kjeks og sjokomelk etter ei lita padleøkt.
Folk seier (i alle fall sunnmøringane seier det…) at sunnmøringane er mykje tøffare og barskare enn anna folk. Det skal eg ikkje akkurat seie i mot, men må jo innrømme at nokre sunnmøringar er tøffare enn andre. Akkurat i dag kom Mads mykje høgare på den lista enn eg. Eg synes det var kaldt, og var nøgd om eg fekk sitte tørt i kajakken. Men Mads skulle rulle. Han hadde vel aldri prøvd Avocet før, og sjølvsagt heller aldri rulla den. Det viste seg at båten var mykje meir lettrulla enn først antatt, og det ga sitt resultat i at krafta i første rulla, var nok kraft til 1 1/2 rulle. Men det var jo utruleg greitt likevel, i alle fall for min del. Vi tok ei kameratredning, noko eg ikkje har gjort på lenge. Og jammen det… Det stod heldigvis ikkje so dårleg til med teknikken sjølv med eit fråver frå kjære Dønningen min.
Som om ikkje det var nok med ei rulle på ein kald vårdag (freistar meir å seie vinterdag) som denne, so tok han jammen handrulla også! Tøff kar i alle fall 🙂
Håper verkeleg ikkje det blir lenge til neste padletur. Kjenner på abstinensane allereie…
No er eg nettopp komen heim etter Rangøy-samlinga 2012 – ei samling som mykje meir enn toppa forventningane! Eg har padla surf, drive brottpadling, padla i Hendsstraumen i tillegg til å nyte tilværelsen av kjempekjekt folk frå alle kantar av landet! Det har alt i alt vore ei god samling, til og med vêret her på kysten hadde dei fått til, og då skal eg verkeleg på ingen måte klage!
Fredagskvelden kom vi fram til Rangøya, eg, mamma, pappa og Trygve. Det hadde blitt mørkt, og sidan det var seint, var det litt vanskeleg å finne parkeringsplass for både campingvogna og bilen. Men medan mamma og pappa fann parkeringsplass, for eg og Trygve inn på «Låven» der folket var. Det gjekk ikkje lenge før eg møtte fleire eg kjente frå før, deriblant Anne-Line, Andreas, Ingrid og Stian. Det er alltid kjekt å møte alle saman igjen. Det er noko særeigent med å møte andre ungdommar som også padlar. Eg og Ingrid meldte oss på brottpadlinga på laurdagen, og eg begynte med ein gong å gle meg til det, for dette kom til å bli gøy!
Laurdagen kom, og eg kjente på at det var godt å vere på samling og ikkje vere på kurs. Det var godt å få sove ut, trengte ikkje å tenkje noko på at eg skulle vere på vatnet i 9-tida. Eg pakka kajakken, og fann under pakkinga eit par hyggjelege grøne og hårete overraskingar i eit par plastikkposar som hadde lurt seg med frå samlinga i Herøy. Desse to skulle dessverre ikkje få bli med, på trass av at dei hadde tatt turen heilt frå Herøy, og tok heller turen til bosbøtta.
Eg og Ingrid gjorde oss klare, og hadde allereie lagt ut i bukta då vi fann ut at vi skulle samlast på land for ein prat med resten av gruppa før vi skulle ut og gjere forsøk på å finne eit brott å leike oss på. Slike pratar som dette er svært viktige når ein skal leggje ut på ein slik tur, spesielt når ikkje alle har vore borti dette før, og heller ikkje kjenner kvarandre.
Overraskande nok so fann vi eit brott på trass av det gode vêret. «Ja, ikkje sytten om eg skal inn i det der i dag,» sa eg, og var då ganske einig med meg sjølv. Eg har ikkje før vore midt oppi slike forhold, har heller prøvd å unngå dei, deriblant når vi har padle på Runde der det kan vere ganske so heftigt rundt fyret. Men no hadde vi oppsøkt slike forhold, og var midlertidig veldig fornøgd med å sjå på og observere. Det var veldig greit å berre liggje på sidelinja, og smake litt på bølgjene som kom etter at det har brote på skjeret.
Men eg kjente på at eg gjerne ville prøve meg, men visste ikkje heilt om eg ville klare det, sidan nokre av dei som hadde padla inn der mildt sagt blei blåst i veret av ei bølgje som oppstod frå ingenting. Men no måtte eg berre gje etter, eg hadde bestemt meg, eg skulle inn i brottet.
Hjertet banka, og eg kunne høyre meg sjølv puste sjølv der eg sat og det braut berre nokre meter lenger borte. Jovisst var eg spent. Skulle eg trekkje meg, eller skulle eg prøve å vere tøff og hoppe i det og satse på det beste? Tre igjen før meg, to igjen før meg… Dette vurderte eg lenge, tør eg det her?
Eg snudde meg til ein av dei som leia turen; «kva om eg må ut av kajakken, i kva retning skal eg symje mot? Kjem nokon og hjelp til med ei kameratredning, eller bør eg då basere meg på ei eigenredning?» Eg blei overbevist om at det kom til å gå greit, men gjorde for sikkerheits skuld ein avtale med meg sjølv: «Om dette på ein eller annan måte går gale, om eg får ein skade, eller ei mindre god oppleving, skal det på ingen måte øydeleggje for meg for vidare padling.»
Plutseleg var det min tur. «Padle på, kom igjen, meir fart!» høyrte eg dei ropte frå sidelinja. Dette skulle bli gøy. Det såg ut til å bli stille medan eg padla igjennom brottet. Men ein skal aldri bli lurt, slike brott er svært uforutsigbare. Dette var heller ikkje noko unntak!
Eg som aldri hadde gjort noko slikt før – visste ikkje heilt korleis eg skulle te meg. «Padla på, komån!» Det begynte å gå fort, og eg opplevde det som ein vegg at vatn som ut av ingenting berre reiste seg bak meg, og lyfta opp akterenden på kajakken min. «Padla på!» Det var som å padle ein nedoverbakke, det er jo eigentleg det ein gjer når ein surfar. Det gjekk veldig fort!
I konsentrasjon om å halde med i rett vinkel på bølgja, gløymte eg å padle på, noko som ironsik nok gjorde at eg fekk feil vinkel på bølgja. Plutseleg var eg under på ein rar måte. Eg var litt desorientert der eg låg. Skal eg prøve ei rulle, eller skal eg gå ut av kajakken? Kva skjedde eigentleg? Kvifor velta eg? Alt dette rakk eg å tenkje før eg bestemte meg om å gå ut av båten i frykt for å treffe med nakken i berget under som blir tørt når bølgja forsvinn. Men det var eit eller anna rart, føtene mine hang fast i kajakken, men eg veit ikkje om dei hang fast inni, eller om dei hang fast i cockpitkanten på kajakken då eg skulle ut. I alle fall møtte eg røske laust føtene mine, noko som gjorde ganske so vondt i høgre legg. Eg frykta brudd, men fann fort ut at eg hadde følelse og bevegelse i han, og at det dermed ikkje var noko verre enn eit godt og hardt slag mot leggen. Eg var eigentleg mest forvirra der eg låg og delvis symde vekk frå brottet med åra i ei hand og kajakken i den andre. Men før eg visste ordet av noko var det komen bort ein som hjelpte meg med ei kameratredning.
Den følelsen! Det gliset! Åhh, eg var so fornøgd! At det går an å ha det so gøy! Småsvimmel og forvirra padla eg bort til resten av gjengen so dei som «stod i kø» framfor brottet kunne få halde fram med sitt. Eg var sikker på at det berre var øyrene mine som hindra smilet i å gå heilt rundt, for dette var verkeleg ei oppleving utan like!
Vi begynte å padle mot eit fyr på ei øy inne mot land. Der tok vi pause i eit tre kvarters tid, delvis brukte opp lageret av nødsjokolade og nøtteblanding. Gruppa bestemte seg for å dele seg i to grupper – dei som ville tilbake til brottet vi var på før pause, og dei som ville padle tur. Dei fleste ville padle ein tur, medan eg og fem andre padla tilbake til brottet.
Brottet var ikkje like artig som før pausa sidan det hadde flødd i mellomtida, og det blei djupare der brottet var. Det vart litt i kjedeligaste laget, og sidan vi fann eit brott berre rundt hundre meter bortanfor bestemte vi oss for å prøve oss der i staden. Der var det ganske uforutsigbart, ein kunne ikkje finne eit mønster i det heile tatt. Plutselig kunne det bryte seg opp ein enorm vegg i det som såg ut til å vere eit stille og rolig sjøområde.
Men dette var «gromt», det var spennande og utfordrande, og det verste som kunne skje var eigentleg at håret kunne bli vått. Fleire gongar blei eg overraska, og var heile tida anten klar til å surfe, eller klar til å ta eit støttetak. Eg tok meg etter ei stund ei lita pause på sidelinja for å få tilbake litt pusten, og samle litt energi. Plutselig reiser det seg som ein geysir rett under kajakken til ei som var med på turen. Ingen nåde – kajakken blei kasta rett i lufta og landa bak ei bølgje. Det kunne sjå ganske so skummelt ut, men det var ikkje værre enn at ho på andre forsøk tok rulla opp igjen med det gliset i ansiktet som om ho nettopp hadde fått tidenes største openbaring.
Etter kvart var vi blitt litt slitne, og vi begynte turen tilbake igjen. Det var ifølgje turleiarane og karta som var med på turen, tre kilometer inn til Rangøya, so vi måtte passe på å ha nok energi til turen tilbake igjen, og ikkje starte på padlinga tilbake med ein gong energien har tatt slutt.
Eg sa meg fornøgd med turen då vi var komne inn igjen. Dette var nok den artigaste og mest spennande turen i mi «kajakkhistorie».
Utover ettermiddagen skifta vi til tørre klede, og fekk slappa av litt etter nærmare seks timar med mange nye inntrykk og opplevingar. Storfornøgd sette eg meg ned med Anne-Line og Andreas, godt innepakka i fjellduken min. Utover kvelden flytta vi oss ned på bryggja, tende stearinlys og laga oss kveldsmat på primus i mørkret. Eg må verkeleg innrøme at kyllingsuppe aldri har smakt so godt som denne kvelden på bryggja på Rangøya.
«Sløkk lyset og lås døra når du legg deg,» sa eg til Trygve. Klokka var halv ti, eg var heilt utkøyrt etter ein heil dag med fart, spenning og moro, men sjølvsagt også mykje tenking ute ved brottet. Du kan kanskje tru det at det er ei effektiv og fæl torturmetode å stå opp klokka halv åtte på ein søndagsmorgon, men for fyrste gong på årevis har eg klart å sove i 10 timar i strekk. Sjølv kor tidleg det var, var eg opplagt, og klar til dyst.
I dag skulle eg ta det litt meir med ro, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å melde meg på brottpadlinga også i dag. Men i dag var det litt betre å padle litt rolegare sidan eg hadde fått meg ein liten støyt i går. Eg ville også gjerne tilbringe dagen saman med vener og familie, so vi tok oss ein tur til Hendsstraumen og ein liten straum nokre hundre meter nærmare Rangøya.
Å padle straum er eigentleg utruleg morosamt, berre ein forstår straumen. Her må ein spele på lag med naturen – ikkje mot han. Bror min – Trygve, er ein smarting. Han padla inn straumen. Tok seg opp på ein holme midt i, og drog med seg kajakken over holmen, slik at han atter ein gong kunne padle inn straumen utan å gjere slitet med å padle seg ut igjen. Jammen det, han er ikkje dum han!
Og so kom det ein kommentar eg likte so godt. Eg driv som regel og padlar opp på berg, holmar og skjer. Padlar på alt av det som kanskje det kan gå an å kome seg opp på. Eg ville so gjerne padle opp på holmen der Trygve slepte over, og at eg kunne hoppe, eller drage meg over den i kajakken, og «skure» ned på andre enden. Ja, eg er ikkje alltid so snill med kajakken min, men overraskande nok er han tilnærma like heil etter eitt år og fire månader i mitt eige, berre eit par skrammar med gelcote, litt glasfiber kanskje, som må reparerast.
Men då eg holdt på på det berget, jobba meg litt opp på det, høyrte eg i bakgrunnen; «Aldri har eg sett ei jente som brukar og behandlar kajakken sin på denne måten, brukar kajakken for det han er god for.» Det var litt kjekt å høyre. Ein kajakk skal jo brukast. Ein skal ikkje nødvendigvis vere so snill og grei med kajakken alltid. Det er jo ein glasfiberkajakk, det er enkelt å reparere den. Det er faktisk mykje værre å måtte reparere ein plastkajakk. Og dessutan so er det mykje kjekkare å bruke kajakken skikkeleg, og ikkje berre vere snill og grei alltid. Ein får det so mykje kjekkare med ei slik haldning, der kajakken kan reparerast og fiksast, og ikkje nødvendigvis treng å vere ein gjenstand ein er so vanvittig redd for (sjølv om eg er både redd for, og veldig glad i kajakken min). Men kajakken tåler det faktisk! Ingen problem, ikkje ein gong har eg opplevd hol eller stjerner i kajakken likevel korleis eg held på. Åhh, det er so kjekt med «Dønningen» min på slike turar!
Tusen takk for ei fantastisk helg! Då håper eg at eg ser alle saman på Rangøya i veke 38 neste år! Dette er verkeleg ei samling det er verdt å vere på altso! Tusen takk alle saman!
I dag kom eit nytt familiemedlem i hus. Nei, ikkje ein hund, ein katt eller ei søster, men min kjære Aaviak! Aaviak er ein Tahe Marine Greenland, som skal få seg eit godt og velfortjent liv som rullebåt. Han har ein mjuk raudfarge samans med eit flott kremkvitt område framfor cockpit som gjer han til ein av dei flottaste kajakkane eg har sett! Eg er STOLT av å eige denne hæææærligheita!
I helga 31. august til 2. september arrangerte Herøy kajakklubb saman med Norges Padleforbund ei padlesamling i Herøy. Samlinga stod på Herøy Gard, ein flott plass som har veldig mykje historie og kultur å fortelje. Grunna fokuset på kystkulturen i området, valde Herøy Kajakklubb å kalle denne samlinga for Kystkultursamlinga 2012.
Saman med Lidun Hareide og Eldar Myrhol holdt eg Grunnkurs UNG. Laurdags morgonen hadde 7 opplagte morgonfuglar frå heile Sunnmøre møtt opp for å gå grunnkurs. Klokka sat vi klare i kajakkane, med hjelm på hovudet og åre i handa. Dette skulle bli gøy, det var alle saman einige om!
Kor stabil er ein flåte? Det var det første vi fann ut, og til og med kunne vi spasere på både framdekk og bakdekk – fleire om gongen! Ja, jammen er ein flåte stabil, det var vi fullt og heilt einige om!
Då vi begynte å padle oppdaga vi mange teknikkar som gjorde det mykje enklare og kjekkare å padle – no var både sveipetak og kanting med på laget! Fort merka vi at det også gjekk raskare å padle når ein ikkje heile tida måtte padle bakover på høgresida og framover på vestresida for å svinge til høgre – vi kunne svinge godt og effektivt i fart!
Etter nokre kjekke timar var vi begynt å bli svoltne. Eg måtte sjølv innrømme at brødskive med sveitt ost ikkje akkurat freista, men det var ingen fare – for no hadde Herøy Kajakklubb vore so kjekke og gode med oss – vi skulle få grille pølser, drikke kakao og ete sjokolade. Med ein gong blei det veldig kjekt med pause, og kakaoen gjorde oss gode og varme medan vi bytta på å låne fjelldukane.
No la vi ut igjen etter den velfortjente matpausa. No skulle vi gjere noko som var nytt for dei aller fleste på kurset: vi skulle sette krabbeteiner – frå kajakk! Det skulle bli veldig spennande! …joda, litt ekkelt er jo det med denne heile slimete fisken som skal brukast til agn, so det var ikkje akkurat krangling om kven som skulle skjere fisken på tvers og putte han i agnposen. Men når vi skulle kaste ut teinene derimot var det fleire som sto fram som «frivillige», og vi plukka ut plassar som vi synes såg bra ut, der krabbene kanskje heldt til. Der skulle teinene liggje til morgondagen, so vi kunne hente dei opp før lunsj.
Det er so kjekt med slike kurs der deltakarane er so ivrige! Allereie før lunsj hadde dei fleste bløytt håret, nokon der det var meininga, og nokre der det kom ganske so uventa. På slutten av dagen fann vi ei flott lagune der vi kunne leike oss og ha det gøy. Vi øvde sveipetak og svingar, rulla og tulla og leika oss.
Badeender er alltid populære, vi hadde ein leik der vi hadde kvar sine to badeender liggjande på bakdekket medan ein skulle prøve å rappe dei andre sine ender. Dei som då hadde flest ender på slutten av leiken hadde vunne.
Men det er ikkje alltid so enkelt dette her, for nokre av deltakarane merka at det ikkje alltid var rapparar som var grunnen til at endene deira heile tida forsvann – dei kanta rett og slett so mykje at dei enkelt og greit datt av. Og då kan ein eigentleg tenkje litt for seg sjølv – er det bra eller dårleg at ein kantar so mykje at endene dett av? Ja, det kjem vel litt an på korleis ein ser på det, men eg ser på det som veldig bra, eigentleg. Kantinga var i alle fall på plass!
No hadde dei aller fleste vore i vatnet, og vi trengte ikkje ein gong å seie at vi no skulle øve redningar, for dette gjekk av seg sjølv! Både eigenredning og kameratredning var stadig i bruk, og eg kunne sjå fleire og fleire som drog på smilebanda når dei hadde klart eigenredning ved å tøme båten sjølv og kome seg opp utan å vere med føtene i bakken.
Glade og utslitne kunne vi drage kajakkane på land og endeleg få slappe av! Vi på Grunnkurs UNG blei meir og meir kjende med kvarandre, og det blei ein kjekk og artig kveld med nye vener og opplevingar.
Andre dagen var minst like kjekk, men ganske mykje meir fysisk hard enn den andre. Det hadde blese opp i løpet av natta, og det hadde blitt ganske skvulpene, og vinden stod verkeleg på som eit hastande damplokomotiv.
Vi starta dagen med god og avslappande kajakk-yoga. Vi bestemte oss for å padle litt før vi tok ei ny runde med badeand-leiken. Denne gongen hadde vi full kontroll, og ingen velta – berre nesten!
Telemark-svingen kan vere sjølvaste sjekketrikset på stranda, ein ser verkeleg grisekul ut, og det ser nauta vanskeleg ut. Men denne gjengen med spreke ungdommar hadde ingen problem, og det såg berre betre og betre ut. Eg er rett og slett imponert over kor bra alle saman fekk det til!
Vi begynte å glede oss til lunsjen. Vi var begynte å bli litt slitne, spesielt av vinden som heile tida ville kome frå ei upraktisk retning. Krabbeteinene hadde no vore i sjøen i nærmare eit døgn, og det var på tide å ta dei opp. Men no skulle det begynne å blåse enda meir, so det var ikkje berre enkelt å kome fram til alle teinene og ta dei opp. Vi dreiv rett til land med ein gong vi slutta å padle. Spente drog vi opp første teina, og håpte at vi skulle få fangst, men det gjorde vi altso ikkje. Andre teina var heller ikkje slik vi håpte på. «Alle gode ting er tre» blir det sagt, so når den tredje teina var på veg opp, ville vi so gjerne sjå litt fangst. Det blei ikkje mykje krabbe til lunsj akkurat, for den fjerde teina var like tom som dei tre andre. Men vi padlarar har alltid ein plan B, og vi var so heldige å ha igjen masse pølser, potetstappe og kake sidan dagen før som klubben no hadde laga til til oss.
Økta etter pausa leika vi oss, og hadde det kjempekjekt med «kleopatras nål», «kiss the bow» og forsøk på å stå i kajakken. Spesielt kleopatras når blei populær, der ein fyller framskottet og sittebrønnen med vatn medan ein sit i båten. Då får ein oppleve korleis ein kajakk utan framskott vil fungere om ein veltar, men dette var eigentleg berre for gøy. Det blei til og med kappløp med baugen stikkande 90 grader eit par meter ned frå overflata.
Etter eit par timar med rull og tull, var vi blitt litt kalde, og bestemte oss for å ta ei velfortjent pause i naustet på Herøy Gard. Etter ei stund i naustet bestemte vi at vi ikkje skulle utpå igjen sidan vinden framleis stod på og vi var trøytte og slitne.
Våttkorta blei delt ut til alle deltakarane, og eg kan seie at det verkeleg var velfortjent! No kunne vi endeleg kome oss i varme og tørre klede igjen, og folk begynte etter kvart å vende heim igjen. Ein del medlemmar frå klubben var igjen på Herøy Gard og rydda opp og vaska. Utpå kvelden køyrde vi kajakkane og alt utstyret til naustet, og fekk alt på plass før vi kunne vende heim og slappe av etter ei fantastisk padlehelg.
Tusen takk til alle som stilte opp og jobba på samlinga, og gjorde dette til noko som var utruleg kjekt og moro. Det var også veldig kjekt at so monge møtte opp, og gjorde dette til ei sosial og minnerik samling. Tusen takk for ei kjempeflott helg!
I august tok Herøy Kajakklubb turen til Stokkøya nord i Sør-Trøndelag, noko som blei verkeleg artig! Her var vi på rulleakademiet med både Dubside og Anders Thygesen. Her foregjekk det også Norgesmeisterskap i rulling samt konkurranse i kajakkbygging med tynne trebjelkar, glad-pack og gaffateip som materiale.
I går, laurdag, var eg, pappa, Andreas og Anne-Line på padletur. Målet for dagen var Borgarøya.
Klokka kvart på tre sette vi ut frå Osnessanden. Litt vind og «skvulpesjø» var det, men det var ikkje so mykje at det vart eit problem. Med bølgene og vinden mot oss, gjekk turen veldig greit. Etter ein knapp time var vi komne fram på Borgarøya, og fann ei lita strand der det gjekk veldig fint an å gå i land.
Vi rulla ut dei fôra fjelldukane til sitjeunderlag, so vi i alle fall kunne hande oss varme. Det var tenkt berre ta ei lita pause, men Anne-Line overraska med gode grillspyd, kakao og sjokolade, og pausa varte fort i ein-, nesten ein og ein halv time.
Det gjekk mot flo då vi la ut igjen. No hadde vi vinden i ryggen, og dønningane med oss. Litt testing av surf på veg til Osnessanden igjen, men blei litt vanskeleg då vi hadde straumen frå ei anna retning enn dønningane, og vinden begynte å blåse til ei anna retning igjen. Turen tilbake til Osneset gjekk nesten dobbelt so fort som turen ut mot Borgarøya.
«Skal dokke bade?» spurte Anne-Line. Ein kunne sjå at ho eigentleg hadde litt lyst uti. Vi hadde jo god tid, so kvifor ikkje? Ein velt her, og ein velt der, ei cowboy-redning her, og ei kameratredning der. Eg prøvde også denne gongen ut om eg kanskje nokon gong kunne få meg ei karriere som «stand up-padlar», noko som definitivt såg lysare ut enn sist eg prøvde. Dagens balanse-trening blei toppa med ein «kiss the bow», som gjekk kjempebra.