Etter ei god stund utan padling, tok vi ein tur på sjøen igjen. Vi la ut i frå Kjeldsund, eg med mamma sin nye Valley Nordkapp. Det var meldt fint vêr i dag, men det er ikkje alltid at vêrmeldingane stemmer. Det pøsa ned! Men at vêret ikkje er so fint betyr ikkje at turen ikkje blir kjekk!
Vi padla ikkje so lenge før vi kom inn i ei bukt. Her trena vi litt teknikk; kanting, svinging og andre teknikkar. Her fann vi også ein fin plass å ha pause. Ei god pause følgjer med på kjekke turar, denne turen var ikkje noko unntak. Etter pausa hadde vi ei økt med sisten i kajakkane før vi tok turen tilbake til bilane. I slutten av turen fekk eg prøve Elin sin nye North Shore Polar. Dette er ein båt eg vil prøve meir!
-Takk for turen!
Advertisements