Padlesamling på Borgarøya – Teknikkurs

Eg skreiv ikkje innlegg for torsdag, då eg, mamma og nokre til, til Borgarøya for å sjå at alt var klart til helga. Det blei ein tur på rundt to og ein halv time. På fredag var det padleleir, noko eg såg veldig fram til. Eg skulle gå teknikkurs, kurset etter grunnkurs og før aktivitetsleiarkurs. Det skulle bli kjekt å lære seg fleire teknikkar, og ikkje minst forbetre dei eg allereie kunne.

Fredagen for vi utover i sju-tida. Eg padle med Eldar, Elin og ein god gjeng til. Eg skulle føre gjengen til Borgarøya, og det blei ein lengre tur enn planagt. Eg klarte å før gjengen forbi Hatløya og til Håkonsholmen i staden for. Men Eldar redda oss med telefonen sin som han hadde med seg. Men vi kom i alle fall fram til slutt!

Fredag kveld møtte eg Cathrine, Monica og Ane. Vi skulle sove i telt i lag. Cathrine og Monica går eg- , og har gått i klasse med, og har kjent i over ni år, men Ane møtte eg for første gong. Dei tre skulle på Grunnkurs UNG med sju andre ungdommar og Dag Roland som instruktør.

Laurdag morgon starta kurset. På teknikkurset var Torbjørn Nordeide instruktør. Vi starta med oppvarming – ein leik eg lærte på grunnkurs på Rangøya i haust. Eg hugsa ikkje alle reglane og sånn – men varme blei vi i alle fall. Då vi kom ut i båtane, prøvde vi kanting. Vi skulle finne punktet for vår eigen kajakk, kor min kajakk ville velte. Det gjekk ganske fint. Veldig nyttig sidan min kajakk er ganske ny, eg har ikkje fått brukt han so veldig mykje enno. Vi padla kurset som ein tur med teknikkar lagt inn i mellom. Den måten å setje opp kurset likar eg veldig godt. Vi padla rundt Hatløya. Det var veldig stilt, sett vekk i frå eit lite parti der det var litt dønningar i frå sjøen. Her bytta vi båtar, litt greit å prøve å bytte båtar i litt bølgjer. Etter ti minutt med testing av «bytte-båten», som for meg var ein Valley Nordkapp, bytta vi tilbake igjen. Vi padla tilbake, øvde litt på redningar – kameratredning, stigeredning, cowboyredning, åreposeredning og eskimoredning. Rulling høyrer med, so vi prøvde alle å rulle før vi for til land. Nesten alle på gruppa kunne rulla. Eg klarte rulla ein eller to gongar med nyebåten, men skal øve meir.

Laurdagen letta vêret. Det blei vêr til å grille. Tor Inge grilla laks – ALDRI har grilla laks vore so godt som denne gongen! Klokka går fortare når ein har det kjekt. Rundt klokka tolv tok vi kvelden, spente på kva som skulle skje dagen etter.

Teknikkurset starta igjen klokka halv ti på søndagen. Vi starta med å sjå på forskjellige båtar. Vi lærte om forskjellige båtar i forskjellige forhold og situasjonar. Dette var lærerikt! Då vi kom oss på sjøen, ville ein på kurset ta eskimoredning. «Ikkje velt!» stod det ei på brygga og ropte. Han velta… «Nei!» ropte ho. Han kom straks opp igjen. Drakta verka tung. Då hadde glidelåsen på drakta vore open! Akkurat då vi såg det, sjekka alle sine eigne glidelåsar! Men alle tok det med ein god latter – sånt kan skje alle!

Søndagen padla vi bort til Håkonsholmen. Her tok vi pause. Denne dagen fokuserte vi mykje på teknikk, at teknikkane skulle sitte bra. Vi prøvde tauing. Kvar sin gong å vere sjøsjuk, støtte til den sjøsjuke, og den som taua. Vi avslutta denne dagen med litt velt og anna moro.

Vi pakka saman etter ei veldig kjekk helg. Denne helga kjem til å bli hugsa i lang tid! Vi padla tilbake. Eg hadde ikkje lyst til å padle der i frå sidan det har vore so gøy. Men vi skal til Bergen og til Rangøya i september, og det er ikkje so lenge til.

Eg er veldig fornøgd med kurset. Det hadde ikkje blitt like bra utan den kjekke gruppa og den flinke instruktøren. Eg har lært masse, og fått opplevingar eg kjem til å halde på i lang tid.

Tusen takk for ei kjekk helg, og eit kjekt og lærerikt kurs!

Vårt kamera takka for seg
fredag kveld – so eg har fått
låne bilder med Elin.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Kurs, Samlingar. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Padlesamling på Borgarøya – Teknikkurs

  1. Susan seier:

    Høres ut som du hadde ei fantastisk helg Olea!!! :)))

  2. Odin Hestholm seier:

    Artig å lese innlegget ditt! Høyrdes ut som de har hatt ei kjempehelg!

  3. Dønningen seier:

    Det har vore kjempekjekt! Får berre meir og meir padlelyst etter kvar padlehelg. Det var berre ei fantastisk flott helg, altså! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s