Snipsøyrvatnet rundt!

I helga var eg på Nordfjordeid på korpstur med USK og HDS. Det var ei veldig kjekk helg! Vi kom heim i fire-tida; utslitte etter marsjkonkurranse, SKIVA-seminar og varme uniformer. Men ein kan ikkje slutte av helga med svette, kokheite uniformer og ein biltur heim med både regn og hagl. Jo – då måtte det ein padletur til! 😀

Eg, pappa og Anders starta turen ved Holesanden, Snipsøyrvatnet. Anders har aldri padla før, so vi viste han det grunnlegjjande før vi begynte på turen. Pappa viste cowboy-redning, etterpå viste vi kamerat-redning. Ein skal ikkje ut på padletur utan å vite kva ein skal gjere om ein veltar!

Vi padla enkelt og greitt ved land. Eg og pappa viste litt kanting og måtar å svinge på. Vi brukte ikkje so veldig lang tid, sidan eg ikkje har ferie heilt enda. Men i sommar blir det masse padling! Vi tok ei lita pause ved Nessetelva, litt godt å få strekke litt på beina! Etter pausa møtte vi ein som stod og fiska, prata også litt med han. Etterpå blei det ganske greitt padling tilbake til Holesanden. Turen blei på omlag 11 kilometer, ein god kveldstur.

Klokka fem over halv tolv, var vi inne med land. Det er ikkje so kjekt å vite at ein må heim og på skule dagen etter når ein er på ein slik tur. Eg vil stadig tilbake til Rogen på ein liten ekspedisjon. Ein lengre kajakktur med overnatting var veldig fristande. Men berre to skuledagar til ferie!

 

Takk for turen!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

One Response to Snipsøyrvatnet rundt!

  1. Gerd seier:

    Tenk så kjekt at du rakk ein padletur også, etter maratonhelga på Eid!!
    Vel unnt, Olea!
    Klem frå mormor

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s