Eiksund

I dag var vi på Eiksund. Vi var elleve personar som var med. Det skulle blir ein søndagstur med litt rolig tempo, fokusere litt på leik og sånn. Vi padla stort sett inne med land. Etter rundt ein time, fann vi ei vik der det var fint å ta pause. Der gikk vi i land. Det blei tomatsuppe og polarbrød hos oss, pannekaker, grillpølser og diverse anna hos dei andre. Under pausa prøvde Daniel, Elias og Håkon seg på å senke greenland’en til klubben. Artig underhaldning for oss på land 🙂

Etter pausa padla vi rett over til Eika. Dei fire yngste fekk slep etter lang tur og ei ganske aktiv pause. Vi lurte på å padle litt lenger, men det blei nedstemt av dei som var slitne. Då vi kom inn igjen, blei det MASSE bading! Eg trente ein del på cowboy-redning sidan eg ikkje er verdens flinkaste på redning i nye-skuta mi. Har vore litt for lite øving på det etter eg kjøpte båten. Eg prøvde også å stå i kajakken, men lykkast ikkje heilt. Men skal få det til seinare! Rulla prøvde eg ikkje i dag, men bør trene ofte på det. Merka allereie på teknikkurs at rulleteknikken har glidd litt av siste månadane. Har erfart at å slepe inn ein tung plastbåt full med vatn aleine, utan slepeline, ikkje er enkelt. So slepeline blir nok neste innkjøp til padlinga.

Takk for turen og erfaringane!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s