Teknikktrening på Kjeldsund

Tidlegare i dag var eg, pappa, Eldar og Øyvind på Kjeldsund. Øyvind skal ta grunnkurs over fleire turar saman med Eldar, og Eldar ville starte med å gå igjennom teknikkane i dag. Eg fekk prøve å vise teknikkar, forklare kvifor ein skal bruke dei, og kor tid. Eg trur alle lærte litt av dette. Eg lærte av Eldar å forklare diverse, Eldar lærte måtar å trene teknikk på. For eksempel på kanting. Øyvind lærte mest av oss fire på turen, teknisk i alle fall.

Før vi tok pause, begynte Eldar å fikle med ein «høg telemarksving». Han hadde fått forklart det av Thomas, som hadde sett at Dag hadde gjort det. Han fekk det faktisk til! Etter kvart so prøvde både eg og Øyvind dette. Det såg i alle fall veldig kult ut!

Til slutt bytta vi litt på kajakkane. Eg prøve Skim Dex – ein båt eg håpar på å få nok pengar til å kjøpe, før eller seinare. Eldar fekk prøve min båt, og Øyvind prøvde Romany-en. Pappa hadde gått på land før vi begynte med bytting av båtane, so han blei ikkje med på moroa. Fekk ein artig kommentar med pappa: «Hadde eg måtta kjøpt meg ein båt til, so hadde det vore ein North Shore Polar. Den båten likar eg, altså!». Det er kjekt med slike kommentarar. Då veit ein i alle fall at det ikkje berre er ein sjølv som meinar at ein har gjort eit godt kjøp!

Prøvde forresten Werner Little Dipper i dag. Synes den er heilt grei. Synes det er litt rart å padle med lav åreføring, sidan dette er ei åre som er laga for lav åreføring. Werner Little Dipper er laga for lengre turar. Den gir mindre belastning på ledd. Åra har Bent Shaft, og var difor litt uvant for meg som vanlegvis padlar med «standard». Men er glad for erfaringa.


Det er veldig fint på Kjeldsund. Bileta er tatt i frå ei tidlegare anleidning.

Takk for ein lærerik tur!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s