Kjeldsund

I dag var vi på Kjeldsund igjen. Annonserte turen til HKK-medlemmane, men berre eg, pappa, Cathrine og Tor Inge blei med. Klokka var rundt 18.30 då vi kom oss på sjøen. Cathrine padla Tahe Marine Wind 505, eg padla min sin, Tor Inge padla sin Arrow Play, og pappa padla sin Valley Aquanaut HV. Cathrine har ikkje padla so mykje i frå før, berre då ho var på Grunnkurs UNG på Borgarøya for nokre veker sidan. Ho fann seg godt til rette i kajakken etter kvart.

Vi snirkla oss meir eller mindre fram til Leikong. Her bur ein tidlegare arbeidskollega av pappa. Vi kom på land og helste på dei. Pause er ikkje det same utan noko å bite i, og pappa hadde kjøpt Bixit-kjekt til turen. Bixit har nok rett – kjeksa er aller best på tur!

På tilbakevegen, bytta eg og Tor Inge kajakk. Eg fekk prøve Arrow Play. Det første eg tenkte var at det sikkert var veldig mykje plass til beina. Eg trudde det skulle vere vanskeleg å sitte som ein skal gjere i ein kajakk. Men eg tok feil. Det er ein av dei beste kajakkane eg har prøvd! Han var veldig god å sitte i. Og det var nauta enkelt å kante med han. Han reagerte veldig godt på tak og andre teknikkar. Hadde eg vunne i Lotto, hadde ein slik ein stått på handlelista! Steik kor god han var, altso!

Eg fekk også taue ein del på vegen tilbake. Eg spurte Cathrine om var greit at eg taua henne eit stykke. Ja – det fekk eg. Det er greitt å få øve på det. Litt dumt å komme på aktivitetsleiar-kurs til hausten og nesten aldri ha taua nokon. Det var ikkje tungt, men eg kjende at eg måtte ta i litt meir i padletaka for å halde følgje med dei andre. Det gjekk ganske greitt. Faktisk er det litt gøy å taue 🙂

Det var ein veldig fin tur. Veldig kjekt at Cathrine ville vere med. Synes ho er flink, eg 🙂

IMG_1603
Det er veldig fint å padle på Sunnmøre, uansett vêr. Biletet er tatt under ein overnattingstur på Kvitøya i fjor.

Takk for turen!

Dette innlegget vart posta under Kajakk, Turar. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Kjeldsund

  1. Gerd seier:

    Kjekt å lese, Olea! 🙂
    Klem frå mormor

  2. Mildrid seier:

    Kjekt å følge med på bloggen din, Olea! Trur vi må ha oss nytt kamera vi to. Ikkje heilt det same å blogge om fine turar når ein ikkje har bilder, men det løyser du fint med gode «arkivfoto» 🙂

    • Dønningen seier:

      Det er ikkje like kjekt å skrive om turane utan at det er bilder å bruke. Litt kjekkare å lese ein padleblogg med bilder enn ein padleblogg utan. Kamera vi ha! Det er ikkje like enkelt å finne eit bilde som passar, brukar ein del tid på det når innlegga er ferdige. Men finn som regel ei løysing på det 🙂

Legg att svar til Gerd Avbryt svar