Eika og Yksnøya

I dag var vi ein gjeng på sju personar på kajakktur. Klokka 14.00 var det oppmøte på bryggja på Eiksund. Vi hadde tenkt oss ein tur til Yksnøya. Då vi var komne til Yksnøya, kunne vi like gjerne padle heilt rundt. Det var litt skvalpesjø, og eg har ikkje prøvd so mykje teknikk i slik sjø der vind og bølgjer kjem frå kvar sine retningar. Eg prøvde å bruke mest mogleg teknikk då vi var der. Eg kjenner at eg bør vere meir ute i slike forhold og trene teknikk.

Vi kom inn i ei bukt på Yksnøya. Her var det stilt. Eg prøvde kanting her også, kjekt å sjå kor mykje ein klarer. Eg blei litt for ivrig med kantinga, og plutselig hadde eg velta. Eg tenkte på å ta rulla, men det ligg automatisk inne i kroppen å løyse spruttrekket når eg går rundt. So eg gløymde heilt av rulla. Etter ei cowboyredning, var vi klare til å padle vidare.

Vi tok ei pause ved «Yksnøynaustet», som blei bygd i 2003 av elevar ved Høgskulen i Volda. Eg hadde berre ete flatbrød til frukost, og var bra svolten då vi tok pause. Eg og mamma delte på ein pakke med Bixit blåbærkjeks. Etterpå fekk vi ferskt brød med Christer. Han hadde laga ei deig som han steikte på stormkjøkenet. Veldig godt 🙂

Etter pausa var det uvanlig stilt. Då trente eg mest mogleg teknikk. For første gong fekk eg til den høge telemarksvingen skikkelig! Det er ein eg har lært av Eldar. Veldig artig når det både fungerar, og ser kult ut samtidig! Vi komm etter kvart inn i ei bukt. Nesten som ei lagune. Eg skulle prøve å stå i kajakken, sidan eg aldri har fått det til før. Eg fekk ikkje til å stå i kajakken, so øvde litt på redningar i staden. Prøvde «kiss-the-bow» også, men velta rett etterpå. Men no er eg ikkje redd for å velte lenger, og det er eit STORT framsteg i seg sjølv! Eg lånte Skim Dex-en til Eldar då va padla tilbake. Det såg ut til å vere litt meir vind og bølgjer på vegen tilbake, og ville gjerne prøve Dex-en i dei forholda som var.

Då vi kom tilbake, bles det meir enn det hadde gjort tidlegare på turen. Etter vi kom oss på land, bles den enda meir. So eg kan seie det var passeleg god timing å komme på land. Turen hadde tatt fem og ein halv time. Fem og ein halv time med rein moro! Det blir berre kjekkare og kjekkare å padle di meir ein padlar og meir ein lærer seg. Vi var komne heim akkurat seks timar sidan vi la ut på sjøen. Neste padleøkt blir i morgon. Og eg gler meg allereie! Det er veldig kjekt på tur, altso!

Takk for turen!

Dessverre er ikkje alle bileta like klare. Bileta er tatt med mobilkamera sidan vårt sitt har takka for seg.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s