Kveldstur i Kjeldsund-området

Onsdag kveld var og og mamma på tur saman med Tor Inge, Eldar og Odin. Vi padla i frå Kjeldsund rundt ti over åtte. Eg padla min eigen båt, mamma padla Nordkapp, Tor Inge padla sin Play, Eldar padla Romany, og Odin padla Atlantic LV som han hadde lånt med Tor Inge. Eg håpte på å få prøve Atlantic LV. Prøvde båten litt då eg skulle prøve Polaren som ein gong skulle bli min eigen, men hadde lyst til å prøve han meir.

Vi padla inn i mellom holmar og skjer, alle plassar der ein kan padle igjennom. Turen gjekk under Dragsundbrua, og vidare til Vedøya. Rull og tull, kant og sveip. Alt slikt var med, og er vanleg på turane med Herøy Kajakklubb. Medan nokre tok pause på Vedøya for å tøme det som må tømast, spiste oss resten jordbær. Valldal-jordbær – verdens beste! Før vi padla tilbake, bytta mamma til Atlantic LV, Odin til Play og Tor Inge til Nordkapp.

Etter fem minutt på sjøen bytta eg og mamma kajakk, so eg fekk padle Atlantic’en eit stykke. Lårstøttene på båten var kanskje litt lave, men han var elles god å padle. Vi padla same ruta tilbake. Eigentleg er det ganske fint å padle på Sunnmøre. Sunnmøre er eit padleeldorado, ei padleperle!

Då vi var tilbake igjen til «startpunktet», ville eg prøve rulla. Eg visste ikkje heilt i begynnelsen, litt redd for kaldt vatn i øyrene. Men til slutt velta eg, og det var eigentleg ikkje so kaldt som ein skulle tru. Rulla oppatt gjekk like fint som vegen ned. Då eg likevel hadde bløytt håret, tok eg same rulla igjen, sveiperulla, berre i frå andre sida. Og det gjekk like bra. Eg er fonøgd med at eg fekk det til. Og det var veldig gøy!

Takk for turen, mamma, Tor Inge, Eldar og Odin! 😀

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s