Overnatting på Kvitøya

Etter elleve dagar utan padling på grunn av ein ungdomstur til Finland, var det godt å få kome på sjøen igjen. Turen blei litt på impulsen, planlagd berre nokre timar før. Men tur er betre enn ingen tur! Eg hadde fått med meg Cathrine, som er ei venninne av meg. Ho tok Grunnkurs UNG på Borgarøya i år, og har padla ein gong etterpå. So hennar andre tur skulle bli overnattingstur.

Vi møtte i seks-tida tirsdag kveld på Kjeldsund. Det var veldig fjøre, og difor ikkje so lett å leggje ut i frå stranda. Men vi valde likevel å gjere det. Eg og Cathrine hjalp kvarandre. Det er ikkje enkelt å gå i gjørme i Crocs utan reim bak, men det skadar ikkje å prøve. Cathrine hadde våtdrakt og nokre jokkesko. So eg måtte finne fram ein veg som gjekk an å gå utan å øydeleggje skorne. Det tok seg tid, men gjekk til slutt. Eg tippar vi var på sjøen i sju-tida.

Vi padla i eit ganske greitt tempo sidan vi hadde med tre gutar som var på slep. Dei har ein tendens til å bli frykteleg slitne frykteleg fort, og det tek ganske god tid å lade opp batteria att slik at det går an å padle igjen. Vi hadde berre ei slepeline. Pappa var ikkje med den første dagen. Mamma hadde slepeline. Elin trudde ho hadde med lina si, men den låg igjen. So vi lånte eit tau borte ved Dragsundbrua. Til slutt fekk vi alle tre på slep, og då var det tre fornøgde gutar frå ni til elleve år med på turen.

Etter ei stund med padling og prat, var vi framme ved Kvitøya. Det er ein plass der som er veldig fin til å slå leir på, og der er grue til bål i tillegg. Då vi kom fram sat der fem-seks litt eldre ungdomar der. Dei skulle ha fest der utover kvelden. Det var greitt for dei at vi var der, men trur ikkje det hadde vore like triveleg for oss som for dei. So vi var på ny jakt etter teltplass. Det er fysisk samband mellom Storøya og Kvitøya, det var der vi gjekk i land. På Kvitøy-sida finn vi ein plass med grue, og passeleg flatt til å slå opp telt.

Mamma hadde tatt med seg grillkol i tilfelle det ikkje skulle vere so mykje ved der. Vi brukte det berre med ein gong. Eg og Cathrine slo opp teltet vårt, eit splittert nytt Bergans-telt. Eg var trøtt, gledde meg egentlig til å få leggje meg til og få sove litt. Etter ei lita stund, kom regnet. Eg er glad teltet var oppe før den tid. Dei beste turane, turane du hugsar best, er dei turane der du akkurat der og då, hatar å vere på tur. Eigentleg er regnet ganske koseleg om ein tenkjer seg om. Mat er viktig på tur – uansett. Det blei laga alt i frå gryterett til pølser og hamburger. Marsmallows var populær dessert. Etter maten gjekk eg og Cathrine til teltet. Soveposane hadde haldt seg tørre – og det var eg glad for. Ute i telt i pissregn, i ein tørr, varm og god sovepose, frisk luft – ingenting er betre enn det! Det var deilig å få sove ute etter turen til Finland der det var godt over 30°C på romma heile natta.

Klokka var rundt ni då eg og Cathrine stod opp. Denne morgonen var det strålande sol og veldig god temperatur. Det var tørrt i graset, som om det ikkje hadde regna på vekesvis. Bålet ute var tent, og frukosten var godt i gong. Pappa skulle gå av vakt klokka åtte, og skulle padle utover so tidleg han hadde moglegheit til. Oddvar måtte padle inn igjen ganske tidleg på morgonen sidan han skulle ha bilen sin på reperasjon. Men vi skulle prøve å ha det kjekt likevel – og det blei det. Vi pakka saman teltet ei god stund seinare. Hadde det vore opp til meg – kunne vi ha vore der nokre døgn til. Men eg og Cathrine skulle på trekkspeløving, so slik måtte det berre bli.

Vi padla tilbake til Kjeldsund, og dei tre yngste var på slep. I dag hadde vi ei taueline til, sidan pappa var med. Tauet vi lånte ved Dragsundbrua blei levert tilbake i like god stand som då vi lånte det. Då vi var tilbake igjen, blei det litt bading før vi lempa kajakkane på hengaren klare for turen heim.

Bilda er i frå mamma sin mobiltelefon

Takk for turen!

Reklame
Dette innlegget vart posta under Overnattingsturar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s