Rull og tull på Osnessanden

I ettermiddag var Ane i Ulsteinvik, og ville gjerne bli med på ein tur ein eller annan stad. Vi ville meir enn gjerne ta ein tur, for det er veldig lenge sidan eg padla sist. Enkelt og greit tok vi turen til Osnessanden, her er det fint å øve teknikkar. Eg var veldig gira på å øve teknikkar, ruller og redningar. Det trur eg Ane også var.

Tørrdrakta, padleskorne, vest, slepeline og alt anna nødvendig utstyr blei pakka so fort som råd. Etter over ei veke som landkrabbe var eg veldig gira på å kome meg ut igjen. Vi lasta båtane på hengaren, og tok turen for å hente Lidun og Ane. Ikkje so lenge etterpå var vi komne til stranda, og klare til å leggje ut.

Mamma padla ikkje i dag, heller ikkje Lidun, so berre eg og Ane var på sjøen. Trygve var ute ei lita stund, men ikkje so lenge. Eg og Ane trente litt på teknikkar, der i blant baugtak. Redning kom fort i fokus. Eg tippa rundt, so vi tok ei kameratredning. Litt etterpå fann vi ut at det var Ane sin tur. Ho var veldig usikker på om ho ville gjere det sidan det ikkje var sydentemperatur i vatnet, nærmare tvert imot. Men etter litt prat gjorde ho det. Då var det min tur å lede kameratredninga. Det gjekk veldig bra. Eg hadde sagt til Ane at eg skulle ta ei rulle om ho velta. Eit løfte er eit løfte. Etter ei lita stund var eg våt i håret andre gong for kvelden. I det eg er oppe igjen, ser vi ei stor piggskate som sig sakte men sikkert bort etter botnen. Akkurat der og då var det skikkelig skummelt at det hadde vore ei piggskate tre-fire meter i frå meg då eg rulla, sjølv om ho ikkje ville ha gjort oss noko. Det var eigentleg veldig skummelt, skal ikkje seie ho var lita akkurat. Hadde Ane sett den eit halvt sekund før, hadde eg ikkje rulla eller bada på resten av kvelden. Men det var jo eigentleg ganske kult, det er ikkje kvardagskost å sjå rett ned på ei piggskate i frå kajakken.

Før vi avslutta for kvelden, padla eg og Ane fram og tilbake ein gong ved stranda. Då vi var tilbake igjen, bar vi båtane opp på graset. Dusjen virka plutselig i dag, so vi fekk skylle alt av utstyr før vi satte det i bilen og lempa båtane på hengaren. Dette er ein fin måte å bruke opp ein laurdag på – litt rull og tull. Kome heim passeleg utsleten, saltvatn i håret – ingenting betre!

Takk for ein bra laurdags ettermiddag!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Rull og tull. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s