Rangøya 2011 – Aktivitetsleiarkurs

Helga 23. – 25. september arrangerte TKK padlesamling på Rangøya. Etter turen opp året før var vi fast bestemte på å reise i år også. På fredagen då vi reiste her i frå, visste vi at det kom til å bli ei topp helg. Eg skulle på aktivitetsleiarkurs, mamma på aktivitetsleiarsamling og pappa skulle bli med på turane. Eg gledde meg veldig.

Fredag kveld, klokka halv ni, vart bilen parkert på Rangøya. Inne på «låven» var det samling, og vi fekk med oss det meste av foredrag og informasjon. Det regna veldig, og det bles ein del, so mamma og pappa bestemte seg for å begynne litt tidleg å slå opp lavvoen, og eg skulle hugse det av informasjon som var viktig. Klokka halv elleve var lavvoen oppe, og det var tid for kvile for dagen etterpå der aktivitetsleiarkurset tok store delar av programmet.

Klokka var halv åtte, ein og ein halv time til kurset skulle begynne. Eg gledde meg, men visste eigentleg ikkje heilt kva dagen skulle by på. Klokka halv ni møttast vi i kjellaren på «låven» for å ha eit par timar med teori. Vi blei litt kjende med kvarandre og fortalde ein del om våre erfaringar før vi starta på HMS og kva vi skulle oppnå i løpet av aktivitetsleiarkurset. Navigasjon med kart og kompass jobba vi også litt med til vi skulle ut og leggje opp eiga rute der vi sjølve skulle leie turen. Det var veldig mykje lærerikt. Noko hadde eg lært på teknikkurs, medan anna var heilt nytt.

Klokka blei eitt før vi var på vatnet. Ein på gruppa melde seg til å ta hovudansvaret for kart og kompass. Sidan eg ikkje hadde 100% kontroll på det med navigasjon på sjøen, kunne eg følge med på kartet medan dei andre forklarte og viste kor vi skulle. Det var ei god moglegheit til å lære det skikkeleg.

Vi padla bort mot eit brott, der vi skulle trene på kameratredning i grov sjø. Vi skulle også fortelje gruppa (som om det var eit grunnkurs der ein sjølv skulle vere kurshaldar) kva dei skulle gjere. Etter kvart blei det min tur til å bade, og eg hoppa rett i det utan å nøle. Akkurat i det eg hadde velta, fekk eg krampe i eine foten. Det var ikkje planlagt. Eg fekk då hjelp med gruppa, fekk hjelp med å få vekk krampa, og vi fekk meg til slutt opp i kajakken igjen. Sidan sleping og slik er ein stor del av aktivitetsleiarkurset, spelte vi vidare på det. Eg blei slept inn til ein holme, der vi alle gjekk i land, og prata om kva vi kunne ha gjort annleis.

Etterpå padla vi til eit anna brott. Dei som ville, fekk prøve å padle igjennom brottet. Eg hadde veldig lyst til å prøve, men samtidig syntest eg det var litt skummelt med alle bølgjene, også at fjellet var litt kantete. På tidlegare padleturar, har eg angra på at eg ikkje prøvde brottpadling eller rockhopping når moglegheita var der. Eg visste at eg truleg kom til å angre om eg ikkje prøvde, so eg tok sjansen. Eg padla inn mot brottet, fekk surf på ei bølgje. Plutselig var det ein fjellvegg rett framfor meg, og det var ikkje meir enn circa eit par meter før baugen kom til å krasje rett i veggen. Bang, sa det. Bølgja tok meg litt tilbake, men ei ny bølgje kom, og velta meg rundt. Eg hadde akkurat kome meg ut av båten før ei bølgje kom og slo meg inn til land. Kajakken for vekk i frå brottet og mot dei andre på kurset, og dei sikra han. Eg valde å gå over berget i staden for å gå gjennom brottet. Etter den lille spaserturen over berget, fekk eg hengje meg på ein av dei andre sine kajakkar, og fekk kome vekk i frå brottet før vi utførte ei kameratredning. Det var lærerikt å prøve dette, og det var eigentleg veldig artig sjølv om det ikkje gjekk heilt etter planen.

Vi satte kursen tilbake mot bukta der vi satte ut. Det gjekk ikkje so veldig lang tid før vi var tilbake. Eg prøvde nokre ruller i slutten av padleøkta. Det gjekk ikkje heilt, og kom til at eg kanskje var sliten. Vi hjelpte kvarandre med å få kajakkane opp på graset. Eg merka at baugen på kajakken hadde blitt kvit og hakket flatare enn før, og det hadde kome eit par stjerner i glasfiberen elles. Eg fann mamma, og sa til ho; «Eg har knust kajakken min». Eg sa det berre på tull, eigentleg. Vi såg på skadane, og var samde om at dette kunne vi enkelt fikse sjølve.

Rangøysamlinga er «kjend» for den gode bacalaoen på laurdagskvelden. Vi i Herøy Kajakklubb satte oss ved eit bord nærmare ein halvtime før middagen. Det er ikkje enkelt å finne plass om ein ikkje er tidleg nok ute. Då alle var komne til «låven», blei dei forskjellige padlaklubbane presenterte. Det var padlarar i frå alle delar av landet. Det blei satt ein takk til dei som hadde stått for samlinga, og til dei som hadde stått for mat. Det var ein som spurde om det var noko som hadde skjedd i dag, knuste båtar, knekte båtar, knekte årer… Plutselig var det ein som sa; «Det blei knust ein kajakk på aktivitetsleiarkurs!». Jo – det var visst min kajakk. Godt eksempel på ei fjør til ti høns 🙂

Bacalaoen var minst like god som i fjor, og eg bestemte meg for å leggje meg tidleg sidan morgondagen kom til å bli hard. Og det gjorde eg ganske rett i.

Søndagen var eg tidleg oppe. Eg pakka kajakken so han skulle vere klar til å leggje ut presis klokka ni. Trond var litt skuffa av for lite bølgjer gårsdagen, so i dag skulle vi oppsøkje litt høgare og meir krevande sjø. Denne dagen skulle gå med på teknikk i grov sjø. Allereie ein time etter vi la ut fann vi eit lite berg vi skulle trene rundt. Vi padla so tett inntil berget som mogleg medan vi brukte baugtak og hengetak for å navigere kajakken. Dette fann eg veldig lærerikt, og eg følte eg fekk betre kontroll over både meg sjølv og kajakken.

«Ser dokke der borte? Der er eit fjell, eller eit berg om du vil kalle det det. Der skal vi finne ein uegna plass å gå i land, og der skal vi gå i land og ta lunsj,» sa Trond. Og vi gjorde det, vi. Vi fann ei side på berget som var ganske bratt og litt kantete på nokre av plassane. I tillegg til dette hadde vi bølgjer oppe på meteren. Her var samarbeid viktig for å klare oppgåva. Etter at alle var vellukka komne opp på berget, tok vi ein velfjortjent lunsj.

Eigen- og kameratredning var noko av det første vi gjorde då vi var komne ut på vatnet igjen etter pausa. Under ei ganske stor bru på Rangøya fekk vi øve på dette i straum.

Sleping som det der hadde eg aldri sett før! Å bli slept sidelengs med slep i både baug og akter, tre båtar på kvar side, er ikkje enkelt. Dette var ein øvelse på sculling samt støttetak. Eg må inrømme at eg velta ein gong eller to før eg fekk taket på det, men det som betyr noko er jo at ein får taket på det. Alle blei slept- og fekk slepe på den måten. Dette var både ein god og artig måte å øve på desse teknikkane på. I tillegg fekk ein nokre uforutsette velt som førte til enda meir øving på redningar.

Vi hadde hatt ein lang dag på nærmare ti timar dagen før, so vi bestemte oss for å avslutte litt tidlegare på sjøen. Vi skulle samlast i kjellaren på «låven» der vi skulle gje- og få tilbakemeldingar i frå kurset. Alle som fullførte kurset bestod. Vi fekk nokre tips og anbefalingar før vi takka for eit godt og lærerikt kurs.

Etter tre dagar på Rangøya fullpakka med moro og lærdom kunne vi sette foten heim igjen.    Hadde ikkje sagt nei til å vere på Rangøya eit par dagar til, men må innrøme at det var litt godt å kome heim og få slappe av.


Bilete av LilleSorte

For ei bra helg, altså! 😀

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Kurs, Samlingar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s