Vintertur til Kjeldsund

Sidan samlinga på Rangøya i haust, har eg ikkje vore på sjøen med kajakk. Det hade vore ein del bassengtreningar, men eg må innrømme at eg begynner å bli lei av desse treningane, og lysta til å kome seg på havet igjen blir større og større etterkvart som tida går.

Denne veka har eg hatt vinterferie, og eg hadde planar om å vere på sjøen store delar av veka. Dette har vore litt vanskeleg, men i går, laurdag, fekk eg endeleg kjenne på sjølufta igjen. Merete, som er gift med syskenbarnet til morfaren min, bur på Svalbard, men er no på besøk her på Sunnmøre. Ho og Hege, som er dattera til Merete, meldte interesse om å få vere med på tur. Og sjølvsagt skulle vi få til det! So i går tok vi turen til Kjeldsund, eg, mamma, pappa, Trygve, Merete og Hege.

Borèal Design gjekk konkurs for ikkje so monge dagane sidan, og grunna det har det kome priskutt på varene frå Borèal Design. I det høvet har Herøy Kajakklubb kjøpt inn tre nye Borèal Design Baffin. Baffin er til klubben sitt bruk ein av dei beste kajakkane frå Borèal Design, og i går fekk to av dei sin første tur på sjøen då Merete og Hege skulle bli med.

Kjeldsund er ein flott plass å leggje ut om ein vil ha seg ein kosetur nær land. Merete har padla litt kajakk før, medan Hege har padla ein del kano, noko som ikkje akkurat er ein negativ ting når ein skal prøve kajakk. Ganske mange av teknikkane i kajakk kan òg brukast i kano, og det same omvendt.

Det gjekk veldig bra å leggje ut. Trygve fann seg ei and, og straks fann han ut at han ville fanga anda. Då fuglen tok nokre tak for å kome seg i litt lenger avstand frå kajakkane, fann Trygve noko som for han gjorde turen artig. Anda, som tilsynelatande prøvde å flyge vekk, fekk ikkje til å kome skikkelig opp i lufta, so ho sprang på vatnet med vingane som bein å gå på. Trygve fann dette vanvittig morosamt, og resten av turen for han skulle gå med på å padle etter ender.

Vi padla rundt om holmane på Kjeldsund. Nokre stadar såg vi store tre som hadde velta ut i sjøkanten etter orkanen Dagmar som låg over området natt til 2. juledag i fjor. Vi kunne padle over ein del av desse trea, og det var ganske kult sidan vatnet var so klart som det var i går.

Vêret var ganske bra då vi la ut i går ettermiddag. Det var litt overskya, men eg kan trygt seie at vet var det beste vêret vi hadde hatt dei siste vekene. Vi hadde vore på sjøen i meir eller mindre ein halv time før regnet kom til syne igjen etter nærmare ein og ein halv time med opphald. Men regnet takka for seg like fort som det kom, og himmelen såg ut til å bli blå.

Vi hadde padla i meir eller mindre ein og ein halv time før vi fann bålplassen på Bakarholmen. Her tok vi ei godt fortjent pause med kjeks og kakao, noko som sjølvsagt høyrer med på ein padletur. Vêret heldt seg bra, og regnet viste seg ikkje sjølv om nokre skyer sakte men sikkert tok over den blåe himmelen vi hadde hatt siste timen. Etter ein halv time med oppsamling av energi til neste del av turen, la vi utpå igjen.

Vi padla rundt neset på andre sida av sjøen til der det gamle røykeriet på Kjeldsund ligg. Her tok regnet til igjen. Det blei sopass surt og kaldt at vi sa oss fornøgde med dagens padletur etter å ha padla eit lite stykke. På vegen tilbakeigjen mot den smale stranda (kan knapt kallast ei strand, eigentleg), fekk vi store fnugg av snø som so vidt la seg på båtane før sola og den blå himmelen atter ein gong viste seg.

Det blei ein flott tur med alle årstider involverte. Det var veldig kjekt å ha med seg Merete og Hege, og dei er velkomne til å bli med på fleire turar før eller seinare. Det var ein tur som absolutt fekk opp padlelysta til 110 % igjen, og ein tur om ein kan positivt sjå tilbake på.

Reklame
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s