Helga 19. og 20. mai held eg og Jan Ytrehorn grunnkurs hav. Grunnkurset vil halde til i Ulstein, nærare stad er enno ikkje fast bestemt. Kurset er på 16 klokketimar. Prisane for kurset er 1.500,- kr. for medlemmar i Herøy Kajakklubb, og 2.100,- kr. for ikkje-medlemmar. Lån av utstyr er med i prisen, altså treng ein ikkje å ha eige utstyr sjølve.
Grunnkurs er eit kurs for alle; enten du har padla i 15 år, eller aldri har sitte i ein kajakk før. Det er altså ingen krav til tidlegare deltaking innan padling for å gå grunnkurs hav. På kurset lærer ein å bruke kajakken og utstyret på ein effektiv og trygg måte. I tillegg blir ein kjend med verdien av å padle i ei gruppe, enkle sikkerheitsrutiner og øvingar, samt korleis ein effektivt kan manøvrere kajakken ved hjelp av teknikkar.
Meir konkret, er det dette som står i «læreplanen» for grunnkurs hav:
- Løfte, bere, sjøsette og entre kajakken
- Effektiv framoverpadling
- Bakoverpadling og stopp
- Sidevegs forflytning av kajakken
- Lavt støttetak
- Bakre styretak
- Sving (sveipetak og styretak)
- Ilandstigning
- Sikring av kajakk etter ilandstigning
- Redningsteknikkar
- Skadeforebygging
- Planleggjing av enkel tur som skal gjennomførast
- Generell sikkerheit og grunnleggjande sjømannskap
- Generelt om friluftsliv og Allemannsretten
- Sporlaus ferdsel i naturen
For spørsmål og påmelding, ta kontakt på på e-post: olea96@live.no.