Fjørerull og fjøretull

I dag er det 1. mai, arbeidarane sin internasjonale kampdag. Dette er ein fridag for dei fleste, og vi nytta denne dagen til å ta oss ein tur på Osnessanden. Pappa hadde fått med seg eit par andre familier, og eg hadde fått med Cathrine på å bli med. Kajakkar, kano, tørrdrakter, ved, pølser og pølsebrød – alle desse er viktige faktorar på ein bra fjøretur.

Det var ikkje akkurat so veldig varmt i vêret då vi kom fram på stranda, so vi lot padlinga vente litt. Det var veldig lav sjø i dag, lavare enn vi har sett på lenge. På Osnessanden, i eine enden, den enden mot Ulstein Verft, ligg det eit gamalt skipsvrak. Det var eit skip som var bygt rundt 1850, men som reiv seg laus frå hamna under ei storm i 1890. Skipet stranda på Osnessanden, og er mest synleg når det er lav fjøre. Det var det absolutt i dag. Eg og Cathrine bestemte oss for å gå bort og sjå. Idèar som store sandslott som skulle likne store tempel og middelalderborger kom fram, og ikkje lenge etter var desse idèane i gong med å bli til.

Dei strandminna eg hugsar best i frå dei tidlegaste åra, handlar om å grave ned. Grave ned vener, og ikkje minst det å sjølv bli nedgreven. Ein halvferdig skulptur, og eit mindre halvferdig slott, stod på stranda med ein halvmeters mellomrom då denne idèen blei meir freistande enn å fortsette på sandslottet og skulpturen som vi eigentleg hadde innsett ikkje kom til å bli ferdig i løpet av dagen uansett. Det blei greve ei lita renne, og so var det berre å ta plass i den 20 centimeter djupe firkanten. Sand på sand på sand. Etter kvart kom nokre av smågutane som var med dei andre familiane og ville vere assistentar med nedgravinga. Til slutt var det ikkje råd å bevege på seg lenger. Eg fekk etter ei lita stund kome opp, og Cathrine ville gjerne prøve. Det same tok til, og sanden blei etter kvart tung å bere. Då vi fekk beskjed om at pappa hadde tent opp bål til grilling, var vi kjappe med oppgravinga so vi skulle kome bort før pølsene vart oppetne.

“Kan ikkje du, Olea, bli med oss i kano?” var det ei stemme som spurte. Det var ikkje lenger so kaldt i vêret etter at sola hadde fått varma opp litt. Eg sa sjølvsagt ja til å bli med, og ikkje lenge etter vi hadde ete, var eg på veg opp til bilen for å skifte. Tørrdrakt, neoprensko, spruttrekk, vest og slepeline. Eg tok kajakken min medan dei to brødrene sette seg i kanoen. Vind, straumar og bølgjer dreiv oss stadig inn mot land, men både eg og søskenduoen i kanoen klarte seg fint. Etter å ha padla frå eine enden av stranda til den andre, var den yngste sliten. “Kan ikkje du slepe oss bort til flåten, Olea?” spurte den yngste av dei to. Det var ingen problem. Vi ‘parkerte’ kanoen og kajakken ved flåten, og fekk oss ei lita pause der eg kunne ta inn slepelina, slik at dei to etterpå kunne padle inn mot land sjølve. To slitne karar padla saman inn mot land, og fekk nøgde grille det siste som var igjen av pølser og marsmallows.

Cathrine hadde fått på seg utstyret, og ville bli med ut og padle. Tørrdrakta mi har nyleg vore til reperasjon sidan ho tok inn vatn i sokkane og magepartiet. Sidan eg aldri nokon gong har hatt ei tørrdrakt som har «passa til namnet», gledde eg meg til å prøve drakta denne gongen. Det var ikkje akkurat so freistande å velte med ein gong, men ville prøve å stå i kajakken, for eg visste at eg ein eller annan gong i forsøket kom til å velte uansett. Eg klarte det for første gong på aktivitetsleiarkurs, og synes det var kjempegøy! Litt vind, straumar og bølgjer gjorde at suksessen min som “stand up-padlar” ikkje varte meir enn eit par sekund før eg havna i vatnet. Cowboy-redning var neste post, og ikkje lenge etter, var eg i båten igjen for å gjere fleire forsøk.
Cathrine kom seg i vatnet ikkje lenge etter. Etter ei stund i vatnet syntes ho det kjentes som at drakta tok inn vatn, og då tok vi ei kameratredning ganske raskt. Dette viste seg å stemme, so vi gjekk i land. Glidelåsen på drakta ho hadde lånt, var ikkje heilt lukka, og difor tok drakta inn vatn. Eg hadde tatt med meg eit ekstra sett med ull i tilfelle det skulle skje noko uventa. Dette kom i alle fall godt med.

Vi bar opp kajakkane og skifta kle før vi sette oss i bilen til ‘tining’. Alt i alt har dette vore ein kjekk dag med sand, pølser og kajakk. Ein bra måte å bruke ein fridag på om du spør meg 😉

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Rull og tull. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s