Kystkultursamlinga 2012 – Grunnkurs UNG

I helga 31. august til 2. september arrangerte Herøy kajakklubb saman med Norges Padleforbund ei padlesamling i Herøy. Samlinga stod på Herøy Gard, ein flott plass som har veldig mykje historie og kultur å fortelje. Grunna fokuset på kystkulturen i området, valde Herøy Kajakklubb å kalle denne samlinga for Kystkultursamlinga 2012.

Saman med Lidun Hareide og Eldar Myrhol holdt eg Grunnkurs UNG. Laurdags morgonen hadde 7 opplagte morgonfuglar frå heile Sunnmøre møtt opp for å gå grunnkurs. Klokka sat vi klare i kajakkane, med hjelm på hovudet og åre i handa. Dette skulle bli gøy, det var alle saman einige om!

Kor stabil er ein flåte? Det var det første vi fann ut, og til og med kunne vi spasere på både framdekk og bakdekk – fleire om gongen! Ja, jammen er ein flåte stabil, det var vi fullt og heilt einige om!

Då vi begynte å padle oppdaga vi mange teknikkar som gjorde det mykje enklare og kjekkare å padle – no var både sveipetak og kanting med på laget! Fort merka vi at det også gjekk raskare å padle når ein ikkje heile tida måtte padle bakover på høgresida og framover på vestresida for å svinge til høgre – vi kunne svinge godt og effektivt i fart!

Etter nokre kjekke timar var vi begynt å bli svoltne. Eg måtte sjølv innrømme at brødskive med sveitt ost ikkje akkurat freista, men det var ingen fare – for no hadde Herøy Kajakklubb vore so kjekke og gode med oss – vi skulle få grille pølser, drikke kakao og ete sjokolade. Med ein gong blei det veldig kjekt med pause, og kakaoen gjorde oss gode og varme medan vi bytta på å låne fjelldukane.

No la vi ut igjen etter den velfortjente matpausa. No skulle vi gjere noko som var nytt for dei aller fleste på kurset: vi skulle sette krabbeteiner – frå kajakk! Det skulle bli veldig spennande! …joda, litt ekkelt er jo det med denne heile slimete fisken som skal brukast til agn, so det var ikkje akkurat krangling om kven som skulle skjere fisken på tvers og putte han i agnposen. Men når vi skulle kaste ut teinene derimot var det fleire som sto fram som «frivillige», og vi plukka ut plassar som vi synes såg bra ut, der krabbene kanskje heldt til. Der skulle teinene liggje til morgondagen, so vi kunne hente dei opp før lunsj.

Det er so kjekt med slike kurs der deltakarane er so ivrige! Allereie før lunsj hadde dei fleste bløytt håret, nokon der det var meininga, og nokre der det kom ganske so uventa. På slutten av dagen fann vi ei flott lagune der vi kunne leike oss og ha det gøy. Vi øvde sveipetak og svingar, rulla og tulla og leika oss.
Badeender er alltid populære, vi hadde ein leik der vi hadde kvar sine to badeender liggjande på bakdekket medan ein skulle prøve å rappe dei andre sine ender. Dei som då hadde flest ender på slutten av leiken hadde vunne.
Men det er ikkje alltid so enkelt dette her, for nokre av deltakarane merka at det ikkje alltid var rapparar som var grunnen til at endene deira heile tida forsvann – dei kanta rett og slett so mykje at dei enkelt og greit datt av. Og då kan ein eigentleg tenkje litt for seg sjølv – er det bra eller dårleg at ein kantar so mykje at endene dett av? Ja, det kjem vel litt an på korleis ein ser på det, men eg ser på det som veldig bra, eigentleg. Kantinga var i alle fall på plass!

No hadde dei aller fleste vore i vatnet, og vi trengte ikkje ein gong å seie at vi no skulle øve redningar, for dette gjekk av seg sjølv! Både eigenredning og kameratredning var stadig i bruk, og eg kunne sjå fleire og fleire som drog på smilebanda når dei hadde klart eigenredning ved å tøme båten sjølv og kome seg opp utan å vere med føtene i bakken.

Glade og utslitne kunne vi drage kajakkane på land og endeleg få slappe av! Vi på Grunnkurs UNG blei meir og meir kjende med kvarandre, og det blei ein kjekk og artig kveld med nye vener og opplevingar.

Andre dagen var minst like kjekk, men ganske mykje meir fysisk hard enn den andre. Det hadde blese opp i løpet av natta, og det hadde blitt ganske skvulpene, og vinden stod verkeleg på som eit hastande damplokomotiv.
Vi starta dagen med god og avslappande kajakk-yoga. Vi bestemte oss for å padle litt før vi tok ei ny runde med badeand-leiken. Denne gongen hadde vi full kontroll, og ingen velta – berre nesten!

Telemark-svingen kan vere sjølvaste sjekketrikset på stranda, ein ser verkeleg grisekul ut, og det ser nauta vanskeleg ut. Men denne gjengen med spreke ungdommar hadde ingen problem, og det såg berre betre og betre ut. Eg er rett og slett imponert over kor bra alle saman fekk det til!

Vi begynte å glede oss til lunsjen. Vi var begynte å bli litt slitne, spesielt av vinden som heile tida ville kome frå ei upraktisk retning. Krabbeteinene hadde no vore i sjøen i nærmare eit døgn, og det var på tide å ta dei opp. Men no skulle det begynne å blåse enda meir, so det var ikkje berre enkelt å kome fram til alle teinene og ta dei opp. Vi dreiv rett til land med ein gong vi slutta å padle. Spente drog vi opp første teina, og håpte at vi skulle få fangst, men det gjorde vi altso ikkje. Andre teina var heller ikkje slik vi håpte på.  «Alle gode ting er tre» blir det sagt, so når den tredje teina var på veg opp, ville vi so gjerne sjå litt fangst. Det blei ikkje mykje krabbe til lunsj akkurat, for den fjerde teina var like tom som dei tre andre. Men vi padlarar har alltid ein plan B, og vi var so heldige å ha igjen masse pølser, potetstappe og kake sidan dagen før som klubben no hadde laga til til oss.

Økta etter pausa leika vi oss, og hadde det kjempekjekt med «kleopatras nål», «kiss the bow» og forsøk på å stå i kajakken. Spesielt kleopatras når blei populær, der ein fyller framskottet og sittebrønnen med vatn medan ein sit i båten. Då får ein oppleve korleis ein kajakk utan framskott vil fungere om ein veltar, men dette var eigentleg berre for gøy. Det blei til og med kappløp med baugen stikkande 90 grader eit par meter ned frå overflata.
Etter eit par timar med rull og tull, var vi blitt litt kalde, og bestemte oss for å ta ei velfortjent pause i naustet på Herøy Gard. Etter ei stund i naustet bestemte vi at vi ikkje skulle utpå igjen sidan vinden framleis stod på og vi var trøytte og slitne.

Våttkorta blei delt ut til alle deltakarane, og eg kan seie at det verkeleg var velfortjent! No kunne vi endeleg kome oss i varme og tørre klede igjen, og folk begynte etter kvart å vende heim igjen. Ein del medlemmar frå klubben var igjen på Herøy Gard og rydda opp og vaska. Utpå kvelden køyrde vi kajakkane og alt utstyret til naustet, og fekk alt på plass før vi kunne vende heim og slappe av etter ei fantastisk padlehelg.

Tusen takk til alle som stilte opp og jobba på samlinga, og gjorde dette til noko som var utruleg kjekt og moro. Det var også veldig kjekt at so monge møtte opp, og gjorde dette til ei sosial og minnerik samling. Tusen takk for ei kjempeflott helg!

Bilete: Jon Oli Arnason

Reklame
Dette innlegget vart posta under Kurs, Rull og tull, Samlingar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s