Om meg

Eg heiter Olea Jónsdóttir Flø, og er ei sunnmørsjente på 17 år. Eg driv med havpadling, noko eg har gjort i fem år. Eg starta på våttkortstigen i 2010, og gjekk då Grunnkurs UNG under samlinga på Rangøya. I juni 2011 gjekk eg teknikkurs på Borgarøya, og hausten 2011 gjekk eg aktivitetsleiarkurs, bestod kurset, og er no utdanna Aktivitetsleiar HAV i Våttkortstigen.

Padlinga for meg starta i 2008 då mamma og pappa kjøpte seg kvar sin kajakk. Vi fann fort ut at dette var kajakkar som ikkje passa vårt bruk då dei var for store for oss, og ikkje på nokon måte var teknisk gode nok til det vi ville bruke kajakkane til. Mamma sin kajakk blei fort skifta ut med ein Tahe Marine Greenland, og pappa sin med ein Valley Aquanaut HV. Eg padla mange forskjellige kajakkar fram til eg den 5. juni 2011 då eg kjøpte ”Dønningen”, ein North Shore Polar.

No har eg fått meg ein båt nummer to, ein Tahe Marine Greenland. Ho har fått namnet «Aaviak» (uttalast «Auiak») som er eit grønlandsk jentenamn, men som òg tyder «størkna blod» på grønlandsk. Dette er eit kult og fint namn, som også passar til farge og utsjånad på kajakken. Dette blir hovudsakleg ein rullebåt, men blir også brukt til leik og tull.

Padlinga mi i dag består av turar, både i rolege omgjevnader og i meir eksponert farvatn. I tillegg driv eg med grønlandspadling og rulling, noko eg har gjort sidan 2010. Padling er noko eg driv med heile året, og har sett meg eit mål om å trene rulling og teknikk i sjø kvar veke fram mot Qajaq-NM neste år på Stokkøya.

Eg held Grunnkurs HAV og Introduksjonskurs HAV i sommarsesongen. Er du interessert i kurs kan du sjå eiga side HER.

 

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s