Kosetur til Osnessanden

I går var det fint vêr og god temperatur, so eg, pappa, Bryndis, Ragnhild, Trygve og Bonus tok oss ein tur til Osnessanden. Vi tok med oss grill og grillmat, og ein kano. Min og pappa sin kajakk var også med, sjølv om vi var usikre på om vi fekk padla.

Då vi kom ned på Osnessanden, var det stilt for vinden, noko som var uventa. Det var litt bølgjer, men det har vi ikkje særleg vondt av når ein passar seg. Det var nesten ikkje folk på stranda, og dei som var der var ikkje so nær. Vi slapp laus Bonus på stranda. Veldig populært!

Pappa tende grillen, og eg gjekk for å ta på meg tørrdrakta. Eg vurderte eit lite sekund på om eg skulle bytte ut ull-kleda med noko som ikkje var so varmt, men eg lot vere. Pappa hjelpte meg med å bere ned kajakkane. Eg såg det var litt bølgjer, so eg tenkte eg skulle prøve å surfe litt. Herleg!

Vi grilla pølser og koste oss. «Islandske bensinstasjon-pølser», i alle fall ei etterlikning. Pølser i brød med ketchup, sennep, remulade, stekt løk, rå løk, cockteilsosa og ei anna dressing eg ikkje hugsar navnet på. Nam!

Bølgjene blei større, og det begynte å blåse litt, og eg følte for å kome meg på vatnet. Det kom bølgjer frå fleire forskjellige retningar, og vinden frå ei anna retning igjen, so eg visste ikkje om det ville gå, men eg skulle i alle fall prøve. Bølgjene blei ikkje store før dei siste tjue meterane før stranda, so eg fekk ikkje fanga so mange surfar, men eit par. Etter et par nesten-veltar, ville eg prøve ut teknikkane. Det gjekk bra, men måtte konsentrere meg. Eg må ut og trene teknikk i meir sjø, det eg!

Etter kvart som vi gjekk tomt for marsmallows, kom resten av gjengen. Bryndis, Ragnhild, Trygve og Bonus nøya seg med å vasse, medan eg og pappa brukte båtane. Pappa ville trene litt på eskimoredning og rulla, so vi gjorde det. Eg rulla ikkje, var eigentleg ikkje i vatnet, berre då Bryndis bestemte seg for å velte meg då eg skulle på land. Ho fekk seg eit bad litt seinare på kvelden, berre so det er sagt! 😉

Resten av kvelden gjekk med til vassing og bading, nytte siste varmen på grillen til ei pølse eller to. Koseleg kveld! Dette er den «rette» måten å bruke sommarkveldane på!

Takk for ein fin sommarkveld!

Reklame
Posta under Turar | Kommenter innlegget

Teknikkurs med Lidun, dag 2

I går heldt Lidun andre og siste delen av teknikkurset som eg hospiterte på. Eg gledde meg veldig. Etter dagen, med mykje meir læring enn det eg trudde kom til å bli, er det ikkje særlig rart. Såg fram til ein dag som ville gjere meg til ein betre padlar.

Klokka ni begynte vi på Osnessanden. Ein på kurset hadde kome med ein ny kajakk. Ein Arrow Play! Om eg skulle hatt ein kajakk til, hadde det blitt Arrow Play. Bra valg av kajakk! Med ein gong vi var på vatnet, begynte eg på kantinga. Bli kjend med båten igjen. Det gjekk veldig greitt.

Taka frå i går – både dei nyttige og dei unyttige, blei repetert. Eg merka då eg hadde padla meg opp i litt fart, at dagen før hadde eg brukt litt krefter. Lite søvn natta etter, gjorde ikkje saka betre. Men å padle gjer meg meir opplagt, og eg føler meg betre. Kjem med andre ord i betre form. «Veltetaket» sit enda, tenkjer på å døype det om! Alle teknikkane sit godt enda 🙂

Vi padla ved land. Dønningane var mellom 25 og 50 cm, tenkjer eg. Og medan vi var ute på sjøen, var det ei på kurset som fekk migrene, ho hadde hatt vont i hovudet heile dagen, men hadde blitt litt værre. Vi fekk støtte til henne, medan vi andre kopla oss i eit langt slep, og fekk ho inn igjen. Dette var ei reell hending, og eg har lært av den.

Etter ei lita pause, trente vi tauing. Lidun skulle vere sjøsjuk. Eg skulle støtte ho første gongen. Etter eit par-tre minutt, ville ikkje handa mi meir. Men eg prøvde å halde likevel, og det gjekk heldigvis. Men det er ikkje berre-berre å taue nokon som er sjøsjuke, og ligg delvis bevisstlause på meg som støttar. Neste øving, var eg nest bakert i tauelina (framfor pasient og støtte). Eg skulle velte, og vi skulle då løyse oppgåva. Få pasienten fortast mogleg inn til land, og nokre skulle hjelpe meg med kameratredning. Det blei mykje stress om kven som skulle hjelpe meg, og kven som skulle hjelpe pasienten. Men det gjekk heldigvis bra.

No skulle vi trene på eskimoredning. Hoftebevegelsen i eskimoredning, finn ein også i rulla. Eg prøvde ikkje eskimoredninga på mitt teknikkurs, og fekk lært henne her. Det er eigentleg ikkje so skummelt.

Heilt til slutt skulle vi prøve rulla. Omtrent alle fekk den til. Eg klarte rulla på første forsøk, på trass av nokre månadar med «rulle-ferie». Då er eg fonøgd. Eg fekk til sveiperulla kvar gong eg prøvde, svært fornøgd! C-C-rulla har eg ikkje lært meg før, men vil lære den fortast mogleg. Fekk den til eit par gongar, ein av gongane litt hjelp i frå strandbotnen. Men øving gjer meister!

Eg er veldig glad for å ha fått bli med Lidun på dette kurset, det har gjort meg til ein betre padlar. Eg veit no meir om kva som kan oppstå når ein er ute på sjøen i kajakk, og veit betre kva eg skal gjere. Takk for ei helg med læring og nye erfaringar!

Posta under Kurs | 2 kommentarar

Teknikkurs med Lidun, dag 1

I helga får eg vere hospitant på teknikkurset som Lidun held. Eg tenkte at dette kom til å gå glatt, for eg kunne alle teknikkane skikkelig i frå før. Men der tok eg feil. Eg har forbetra teknikkane mine, og har utfordra meg. Dagen endte med fire uforutsette veltar. Bra!

Då vi starta på Osnessanden laurdag morgon, begynte vi å øve på kanting. Eg brukar å ha som ein fast regel å teste ut kantinga mi med ein gong eg kjem på vatnet. Men eg fann ut at eg har mykje meir å gå på. I begynnelsen var det ikkje so bra, men etter kvert kom det seg, og eg fekk ein god og stabil kant, men eg har enno meir å gå på.

Det blei ein del veltar når vi øvde på kanting. Vi øvde difor på støttetak. Ein av øvelsane der, var at ein person sit på bakdekk til ein annan, og skal prøve å velte den som sit i cockpit. Den som sit i sjølve kajakken, skal gjere lave støttetak for å unngå ein velt. Den øvelsen følte eg at eg fekk mykje tilbake av. Dette må eg gjere oftare!

Vi gjekk vidare på effektive framdriftstak. Der forbetra eg rotasjonen i kroppen når eg padlar. Fekk også vite om ein måte å øve på rotasjon i kroppen; Å padle slik at åra ikkje er over cockpit, då blir ein nærmast tvungen til å padle med god rotasjon i kroppen.

Bakre styretak begge vegar, var neste på programmet. Inn-inn og ut-ut som Lidun kallar dei. Kante inn, og vinkle åra inn, ut-ut er omvendt; kante ut, og vinkle åra ut. Blir som oftast brukt under surf. Merka på turen etter grunnkurset med Anne-Line, Gunnar og Andreas at ein ikkje kunne styre surf like effektivt med sveipetak som med bakre styretak. Vil gjerne prøve på surf snart, få prøve det ut! 🙂

Unyttige tak er også noko. Det er slike tak som ein brukar for å imponere folk på stranda! 🙂 Og under denne øvinga, lærte eg meg «veltetaket» til mamma. Ho brukar å plassere åra nederst ved baugen, og kante på same sida. Men veit ikkje om eg skal kalle det veltetak lenger, sidan det går an utan å velte. Veldig artig med sånne tak som er heilt unyttige!

Etter unyttige tak, gjekk vi vidare på dei som var meir nyttige. Vi øvde på baugtak og hengetak. Etterpå blei det lav telemarksving. Eg har lært Lidun sin versjon av høg telemark, og trur kanskje hennar sin versjon er betre for skuldra enn den eg har brukt. Men dette skal eg finne ut av.

Til slutt blei det bading! Då skulle vi prøve å sjå kven som kunne stå lengst i kajakken. Eg klarte ikkje å stå i kajakken. Må trene på å sitje på bakdekk med føtene i cockpit. Det er nok der problemet er. Vi øvde ein del på redningar. Ein av kurs-deltakarane var so uheldige å knekke åra si, men har heldigvis ei ekstra til morgondagen. Der ser ein kvifor det er viktig med ekstraåre!

Dagen har vore veldig lærerik. Har lært meir enn det eg trudde eg skulle lære. Er med andre ord fornøgd med dagen. Eg er veldig glad for å få bli med på dette kurset.

Osnessanden - Ein perfekt plass for teknikktrening! (Arkivbilete)

Takk for ein flott dag. Ser fram til ein ny dag i morgon med mykje ny lærdom.
KJEKT Å PADLE!

Posta under Kurs | Kommenter innlegget

Tur etter grunnkurset med Anne-Line, Gunnar og Andreas

Då vi hadde fullført grunnkurset som mamma og Eldar heldt for Anne-Line, Gunnar og Andreas, la vi opp til ein tur. Det er veldig kjekt på tur, og vi måtte ha rundt tre timar til for å oppfylle krava til grunnkurs-pensumet.

Vi padla på Kjeldsund. Det er ikkje so vanskelig for Andreas å leggje ut der, og Kjeldsund er eit flott område. Ein skal padle mykje for å få med seg heile området. Eldar hadde spart ei rute til siste dagen. På eit kurs må ein ha ein skikkelig finale, og det var det Eldar hadde lagt opp til. Vi skulle padle langs land og forbi hytteområdet og litt vidare rundt øyene og holmane. Der skulle vi finne in fin pauseplass. På vegen padla vi litt «innimellom» krikar og krokar, under flo og fjøre.

Pauseplassen var ganske grei. Andreas kom seg på land åleine, drog opp kajakken, og flytta seg eit godt stykke opp på graset. Utan bein å bruke! Er mektig imponert! Vi andre kom oss på land. Det var ikkje nok plass til alle båtane, so nokre tok vi heilt på land, medan andre knytte vi fast i eit tre med slepeline.

På land stod nektarinar, kjeks, juice og anna godt på menyen. Som sagt; Mat smakar aldri so godt som på tur! Og dette var ikkje eit unntak. Nam!

På tilbakevegen, passerte det ein mellomstor båt med god fart bak oss. Første eg tenkte: SURF! Eg hadde aldri surfa skikkelig før, so dette skulle bli spennande. Fy søren kor ei fart, og det var ikkje berre-berre å halde på surfen heller. Eg fekk fanga nokre surfar, Eldar og Andreas fanga enda fleire! Å, so gøy! 🙂

Det var ikkje berre surf vi møtte på tilbakevegen. Jammen det var det niser på tokt! Vi såg svarte ryggfinner som kom opp imellom bølgjene. Det såg ut som det var nokre, ikkje berre nokre få. Det er mykje ein får oppleve i kajakken som ein ikkje får oppleve i frå stovevindauget heim. Det er sikkert og visst!

Då vi var tilbake, ville Eldar filme Andreas sine redningar. Takka også i dag båten for ein flott tur med ein kiss-the-bow. Er nesten blitt litt eskimo, eg!

Mamma som er fotograf:

Takk for flott tur!

Posta under Kurs, Turar | Kommenter innlegget

Grunnkurs for Anne-Line, Gunnar og Andreas dag 2

I går la vi andre delen av grunnkurset opp som eit kveldskurs. Vi starta på Kjeldsund klokka 17.00. Vi kom på vatnet litt raskare no enn dagen før sidan vi visste kva for nokre båtar som skulle brukast. Båtane var også tilpassa, so vi slapp litt tid der. Omtrent klokka kvart over fem var vi på vatnet klare for ein ny og spennande dag i kajakkane.

Då vi la ut på vatnet, testa eg ut kantinga i båten min igjen. Det gjer eg alltid når eg skal padle. Bli kjend med kajakken igjen. Vi hadde gått igjennom alt på pensum dagen før, vi skulle bruke dagen på å øve på dei, gjere dei enda litt betre.

Vi hadde begynt å padle litt då Anne-Line oppdaga at ho hadde kjøpt blåbær-vatn i staden for vanleg. «Det einaste som skal smake blåbær, er blåbær. Vatn skal smake vatn,» sa ho. Vi bestemte oss for at vi skulle padle inn til bryggjene so ho skulle få fylle nytt vatn. Og det gjorde vi. Då skulle Anne-Line og Gunnar prøve å komme seg opp på bryggje i frå kajakken, og sette seg i kajakken igjen på andre sida av bryggja. Andreas fekk lov å sleppe sidan han hadde gjort det dagen før. Men han ville øve på å ta opp kajakken på bryggje, og ta han ned på andre sida igjen, slik som Anne-Line og Gunnar gjorde. Kjempebra!

Vi prata ein del mesteparten av dagen. På pensum står det diverse ting som skal pratast om. So det gjorde vi. Fekk med meg ein del som eg sjølv vil ta med meg når eg kan begynne å halde grunnkurs sjølv.

Padling med vind i frå sida og medvind, stod ein del i fokus. Til slutt slengde vi inn eit baugtak, berre fordi det er kult, og ser kult ut.

I slutten av kurset tok vi litt bading. Og eg takka båten min for eit flott kurs med ein kiss-the-bow. Andreas viste litt kameratredningar og eigenredningar, steik kor flink han er!

Takk for fantastisk kurs!

Posta under Kurs | Kommenter innlegget

Grunnkurs for Anne-Line, Gunnar og Andreas

I går starta Eldar og mamma eit grunnkurs for ei familie på tre som eg og mamma kjenner i frå før. Eg fekk vere hjelpeinstruktør. Det som gjer dette grunnkurset litt spesielt, er at Andreas på 16 år, ikkje kan bruke beina sine. Men likevel vil han bli med på padlekurs.

Klokka 17.00 starta vi med å prøve båtar. Andreas skulle få bruke Borèal Design Baffin, Anne-Line og Gunnar skulle få bruke Borèal Design Epsilon p100. Vi fekk tilpassa båtane slik dei passa.

Eg veit ikkje heilt kor tid vi la ut på, men det var vel kanskje rundt klokka halv seks, kanskje litt tidlegare. Andreas fekk sette ut på sjøen først. Vi satte kajakken delvis på vatnet, so satte Andreas seg i båten før vi skubba kajakken på sjøen. Det gjekk veldig bra.

Vi begynte med å fokusere på rotasjon i padletaka. Vi padla med stive armar. Etter kvart trengte ikkje rotasjonen å vere i tankane under padling, det blei natulig. Og det er bra! Sveipetak var neste vi øvde på. Vi avslutta dette «kapittelet» med å «snu på femøringen». Det blei delt førsteplass og ein andreplass! Kjempebra! Etter litt padling, tok mamma, Andreas og Anne-Line ei lita pause på land før vi fortsatte.

Vi padla ein del meir inne ved land, og brukte sveipetak for å manøvrere kajakken. Plutselig velta Anne-Line. Ho løyste spruttrekket, og kom seg ut. Det var ikkje slett so kaldt som ho trudde det skulle vere. Ho hadde brukt kanting, sjølv om vi ikkje hadde gått igjennom det enno. Det fall seg natulig å gjere sånn, sa ho. Eg synes det er bra at ho kanta, det er ikkje alle som tør gjere på grunnkurs. Kameratredninga gjekk veldig bra. Vi var straks klare til å padle vidare.

Neste på programmet var bakre styretak. Det klarte alle vledig bra. Då padla vi litt til langs land før vi begynte med kanting. Andreas syntes eg kanta veldig bra. Beinet blir låst i støtta når han kantar, so han klarer å presse motsatt kne opp når han kantar. Veldig bra! Vi padla rundt tjue minutt inne ved land igjen.

Når ein er i gong med kanting, er det litt greit å ta lavt støttetak også. «Whååo! Eg er ein gorilla!» var noko som blei mykje sagt då vi skulle lære vekk støttetak. Det gjekk veldig bra! «Whååo! Eg er ein gorilla!»

Vi tok lav telemarksving. Det blei veldig bra etter litt øving. Det såg tøft ut! Det blei pause. Klokka var allereie ti over ni, og det hadde gått veldig bra! Vi prata litt om sleping. Vi snakka opp på både teknikkurs- og aktivitetsleiarkurs-nivå, men heller meir enn nødvendig enn mindre enn nødvendig.

Etter pausa tok vi sidevegs forflytning før vi padla litt meir. Vi brukte svingteknikkane aktivt under padlinga, og eg fekk til høg telemarksving (slik Eldar gjer det)! Det er veldig kjekt! Vi padla oss under brua, bort til bryggjene som «Kjeldsund-kanoane» brukar å vere. Andreas fekk prøve å stige opp på bryggje i frå kajakk, og ned i kajakk i frå ei bryggje. Han klarte også den høge bryggja. Utruleg bra!

Då vi var tilbake, skulle Andreas få velte litt. Først tok eg og Andreas ei standard kameratredning. Veldig imponert over korleis han løyste oppgåva utan bein! Eigenredning var vi litt spent på. No aka Andreas seg ut i vatnet, so han slapp å tøme kajakken. Det kan vere vanskeleg når ein ikkje kan sparke i frå med beina sine. Mamma kom ut i vatnet for å hjelpe til om det skulle vere vanskeleg. Andreas fekk redninga til heilt på eiga hånd! Han satte seg bakover opp på bakdekk, og snudde beina framover. Han tok deretter beina ned i kajakken før han satte seg heilt ned. Og han gjorde det utan å velte! Er rett og slett imponert!

Er mektig imponert over kor mykje som gjekk! Gler meg til del 2 i dag. Læringskurva mi no for tida er veldig bratt, nettopp på grunn av kurs. Og dette kurset er veldig lærerikt. Klarte også ny kanterekord i dag. Kan kante heilt rundt, men det tel ikkje 😛

Tusen takk for ein lærerik dag!

Posta under Kurs | Kommenter innlegget

Overnattingstur ved Nessetelva

Frå tirsdag 5. juli til onsdag 6. juli overnatta eg, mamma og pappa saman med asylsøkjar-ungdommane i Ulstein Kommune. Dette var eit opplegg som skulle vere etter introkurset, som blei heldt på fredag.

Klokka halv to møtte vi og ungdommane opp ved Holesanden på Snipsøyrvatnet. Alle hadde på seg våtdrakter og tørrdrakter, og sekkane var tatt ned til leirplassen ein halvtime før. So vi starta med å bere ned kajakkar og årer. Då det var nede på stranda, delte vi ut spruttrekk og vestar. Det gjekk ganske raskt, so det tok ikkje so lang tid før vi var på vatnet heile gjengen. På vegen tok vi ei pause med bollar sidan asylsøkjarane berre har padla ein gong før, og dei blei litt slitne av å padle i varmen.

Då vi kom fram, rundt kvart på tre, tende vi grillen. Pølser i brød hos nokre, bollar hos andre, medan nokre hadde med seg matpakke heime i frå. Vi begynte med leikar. Kubbespelet og krokket var to spel som stod på menyen. Spesielt kubbespelet blei populært.

Litt seinare på dagen, laga vi gryterett. Meksikansk gryte på bål. To store kokekar med meksikansk gryte, skulle mette turgjengen. Gryteretten kokte i alle fall i tjue minutt, so vi slapp at risen blei hard i alle fall! Til slutt fem pakkar med kyllingkjøttdeig.

035
Einaste ulempa med å lage gryterett på bål, er all røyken. Men Elin løyste det på ein god måte!

Det var veldig godt med mat. Meksikansk gryte, loff og smør, det er god turmat, det! Mette blei vi. Ikkje alt blei ete opp, so det skulle vi spare til frukost. Aldri har gryterett vore so godt som denne gongen! Vi lærte kvarandre ord frå dei forskjellige språka; Dari, russisk, arabisk… Gudane veit kva fleire språk, det var i alle fall mange!

Klokka blei rundt halv eitt før alle kraup inn i soveposane, klare for ei natt i det fri. Klokka seks om morgonen, vakna eg av at det pøsa ned ute. Eg tenkte at det kom til å bli ein våt dag. Det var ikkje nokon vits i å liggje der i timesvis å fryse og deppe, so eg la meg igjen. Klokka halv ti, vakna eg igjen. Ikkje ei sky å sjå på himmelen, og det var tørt på bakken. Eg hadde hengt tørrdrakta mi med alle “opningane” ned, og glidelåsen igjen, so den var tørr inni. Men våtskorna var ein dam. Våtdraktene til ungdommane var tørre, det var bra!

Frukosten tok vi på afghansk vis, eit flatt bord på bakken, so vi satt rundt. Overraskande nok, var det berre ein person som åt nugatti. På korpsturane går det rundt ei boks per deltakar. Gryterett på brødskiva blei populært! Vi pakka alt, og bar det opp til parkeringsplassen.

Klokka halv eitt padla vi tilbake til Holesanden etter ein flott tur! Dette har blitt ei oppleving for alle saman. Gler meg til neste overnattingtur!

Posta under Overnattingsturar | Éin kommentar

Grunnkurs dag 2

I dag var grunnkurset på andre og siste dagen. Klokka 10 møtte vi opp på Kjeldsund. Overraskande nok var det veldig få som kjende noko etter padlinga i går. Eg tøya ut i eit kvarter i går, og kjente difor ikkje noko. Vi hadde «padle-yoga», som Tor Inge kallar det, som oppvarming. Litt tøy og bøy, her og der. Vi kom oss på vatnet rundt 10.25. Då varma vi opp med «Kajakksisten».

I dag starta vi med «Følg leiaren» for å repetere teknikkane som blei lærte i går.  Det gjekk veldig bra. Då vi hadde padla litt, gjekk Tor Inge igjennom kanting og bakre styretak. No skulle vi følgje land, og bruke kanting og svingeteknikkar aktivt. Etter ei stund med svinging og kanting, stod åreposeredning på menyen. Eg synes dei klarte det veldig bra. Eg øvde litt på andre redningar, sidan eg føler eg har åreposeredning på plass. Eg prøvde også å stå i kajakken, men fekk det heller ikkje til i dag.

Vi padla langs land, med aktivt bruk av svingeteknikkar og kanting, bort til laguna ved Bakarholmen. Vi tenkte vi skulle ta pause her. Bakarholmen er ein veldig fin plass for telting. Men vi gjekk i land på andre sida av laguna. Her er det steinar å sitje på, og ein bålplass. I dag prata vi litt om kajakkar med og utan skott. Eg ville vise dei «Kleopatras nål». Det er slik ein kajakk utan framskott vil oppføre seg om ein veltar utan spruttrekk. Men det skulle vi ta seinare.

Då pausa var ferdig, gjekk vi igjennom lavt støttetak før vi padla vidare. Tor Inge ville ha stafett, so vi skulle finne ein passande stad for det. Etter rundt ein time med padling, kom vi til ein plass som var perfekt for stafett. To lag med fire personar – med to lag innanfor det igjen. Ein i cockpiten, og ein på bakdekket. Om å gjere å padle fortast mogleg utan å velte. Padle bort til Tor Inge og tilbake igjen. Når ein kom tilbake, skulle ein skifte, slik at dei to andre på laget skulle ut på. Eg var passasjer på bakdekket. Det andre laget vann med eitt minutt, men det var veldig kjekt likevel. Vi tok også ein Shetlands-Larsen med fem padlarar på ein kajakk. Vi klarte det ganske bra, men velta då tang og tare hengte seg opp i venstrefoten til alle på kajakken. Artig! «Kleopatras nål» var neste på programmet. Av med spruttrekket, og Tor Inge tok av luka og begynte å senke baugen. Det gjekk ikkje so lenge før både framskottet og cockpiten var full med vatn. Men no stod det igjen å tøme båten. Eg og Tor Inge fekk det til på eit vis etter ei lita stund, og tok til slutt med ei kamerat-redning. Er glad eg har framskott i kajakken min!

No skulle vi begynne på tilbakevegen. Vi var nærare Kjeldsund enn det eg trudde. På vegen tilbake, la eg merke til at ein av deltakarane hadde blitt veldig flink med kanting etter endt kurs. Veldig bra! Vi bar opp kajakkane, og eg pumpa opp det meste av vatnet i skottet før eg tok resten med svamp. Eg var utslitt etter helga, merka eg.

Det har vore veldig lærerikt å få vere hjelpeinstruktør på dette grunnkurset. Dette kan gjere meg til ein flinkare instruktør, når eg kan begynne å halde kurs sjølv.

Bilda er i frå begge dagane. Tor Inge har vore fotograf 🙂

Takk for ei spennande og lærerik helg!

Posta under Kurs | 2 kommentarar

Grunnkurs dag 1

I helga er eg hjelpeinstruktør under eit grunnkurs som Tor Inge held. Eg er hjelpeinstruktør for å få kurserfaringar, for at eg skal bli god til å halde kurs når den tid kjem. Å få vere hjelpeinstruktør på kurs er utrulig lærerikt! Eg er glad for at eg får vere med på dette.

Klokka 10 møtte vi opp på Eiksund, eg, Tor Inge og sju deltakarar. Vi presenterte oss for kvarandre før vi begynte med å gjere oss klare for å begynne å padle. Justere pedalar, pakke kajakken… Som oppvarming hadde vi ein leik som Dag Roland hadde som oppvarming då eg gjekk grunnkurs. Vi blei varme og gode heile gjengen!

Då vi gjekk på sjøen, merka vi at det var ein del straumar. Det var vanskeleg å ligge i flåte, vi berre dreiv bortover. Det var først då vi padla under brua frå flytebryggjene, at vi merka kor mykje bølgjer det var. Eg følte meg ikkje ukomfortabel, men nokre av deltakarane følte seg ikkje heilt trygge. Det bles også meir enn vi hadde rekna med. Når ein har vinden i ryggen, og straumar frå alle verdens kantar, er det ikkje enkelt å navigere veg. Tor Inge tillot senkekjøl og ror til vi var komne til ein lunare stad. Eg prøvde å padle utan senkekjøl. Det måtte mange tak og andre svingteknikkar til for å halde seg på rett veg. Men eg er fornøgd med at eg klarte det.

Etter å ha brukt mykje krefter på å padle, kom vi inn i Selvågane. Her var det mykje lunare. Vi hadde «følg leiaren» langs land etter at Tor Inge hadde lært vekk sveipetak. Etter litt padling kom vi inn i ei litt stor vik. Vi øvde meir på sveipetak, og avslutta med å «snu på femøringen». Lav telemarksving var neste på programmet, også siste før vi skulle ta pause. Det blei tre veltar på deltakarane under treninga, og det er bra! Det er ikkjeein gjeng som er redd for ein velt eller to. Ein tøff gjeng!

Det blei litt meir enn ein time med pause. I pausa prata vi om padling i forskjellige forhold, om forskjellige sortar kajakkar med forskjellige eigenskapar, bekledning, og padling på forskjellige tider av året. Vi såg på kajakkar, og såg på eigenskapar kva eigenskapar ved forskjllige typar utformingar. Eg lærte også noko om min eigen båt. Eg visste ikkje at utforminga som kajakken min har heit framme på baugen, gjer at han er lettare å styre under surf enn kajakkar som har mindre volum framme. Det var ei pause eg lærte litt av òg.

Når vi følte vi hadde hatt nok pause, la vi ut igjen. Sideveis forflytning var neste på programmet. Eg hjelpte ei som var deltakar på kurset, sidan ho syntes det var litt vanskeleg. Ho klarte det kjempebra til slutt! Sidan vi hadde litt fleire svingeteknikkar å bruke enn berre sveipetak, tok vi «følg leiaren» igjen. Teknikkane blei aktivt brukte, og deltakarane blei berre flinkare og flinkare. Det var to stakar på sjøen, so vi bestemte oss for å padle baklengs i åttetal rundt stakane. Det var ikkje slett soenkelt, men dei fleste klarte det etter ei lita stund.

Vi skulle begynne på tilbakevegen. Vi håpte på at vinden hadde løya seg litt, men det hadde han altso ikkje. Vinden føltes sterkare enn då vi la ut tidlegare på dagen. Det var mykje enklare å padle tilbake igjen, sidan ein ikkje trengte å navigere heile tida. Men tungt var det!

Etter ei god stund med mykje bruk av krefter, var vi tilbake igjen til bryggjene. Det var deilig å ikkje måtte padle i 100% heile tida for å ikkje drive bakover. Eg og Tor Inge viste fram ei kameratredning og ei stigeredning. Cowboyredninga tok Tor Inge. Dei fleste tok ei «badeøkt», men dei som var mest slitne, skulle ta det i morgon i staden. Eg sjønar at dei var slitne, eg kjende at padlinga i sterk motvind tok litt på kroppen.

Det var deilig å få kome på land etter dagen. Eg begynte å spyle utstyret omtrent medeingong. Vi hjelpte kvarandre med å bere opp kajakkane. Det har vore ein lærerik dag. I morgon skal vi ta siste delen av kurset. Men det skal vere på Kjeldsund, og der er det lunt for vind og grov sjø. Vi skal fokusere ein del på redningar, men støttetak, bakre styretak og litt fleire teknikkar står også på programmet.

Grunnkurs1
Dette er eit bilete frå ein tidlegare dag. I dag var det meir bølgjer og mykje meir vind.

Takk for ein spennande og lærerik dag!

Posta under Kurs, Turar | Kommenter innlegget

Introkurs

I dag heldt mamma introkurs for asylsøkjar-ungdommane i kommuna. Eg fekk på dette kurset vere assistent. Det var ungdom frå 12 til 19 år på dette kurset.

Vi brukte ein god halvtime, tre kvarter på land for å vise dei korleis dei skulle kle på seg- og bruke utstyret. Eg la ut på sjøen først. Det gjekk ikkje so lenge før alle var på sjøen. Eg skulle padle først, so eg padla inngjennom nokre sund, og det takla dei fint. Då vi var inne i eitt av sunda, var det nokre som ville prøve å velte. Dei fleste prøvde å velte, og syntes det var kjekt. Det var litt kaldt, sa nokre av dei, men mest kjekt.

Alle på kurset skulle få servert pølser med brød, frukt og brus. So vi tok pause då va hadde vore på sjøen i rundt ein time. I pausa blei det bading og leik medan andre åt. Etter pausa, måtte vi til med oppvarming. “Hode, skulder, kne og tå” i raskare og raskare tempo. Til slutt hadde mamma problem med å synge med alle orda, og då var vi varme og gode, klare for ei lita økt til.

Siste økta bestod mest av velting, kameratredning og cowboyredning. “Kiss-the-bow” og det å stå i kajakken blei fort populært. Dei er flinke med redningar, og nokre utmerka seg godt på balanse. Etter eit par timar var vi klare for å stige i land. Mange slitne ungdommar kledde seg i tørre klede, og gjorde seg klare for å kome heim igjen.

Eg trur dei koste seg på kurset. I neste veke skal vi på overnattingstur med same gjengen, og vi gler oss. Det er ein veldig kjekk gjeng. Eg trur dei lærte mykje i dag, og eg lærte også ein god del. Eg er veldig glad for at eg fekk vere med på dette kurset.

Kurs med asylsøkjarungdommane, 1. juli 2011

Takk for eit kjekt og svært lærerikt kurs!

Posta under Kurs | Kommenter innlegget