Grunnkurs er eit kurs for alle; anten du har padla i mange år, eller aldri nokon gong har sitte i ein kajakk før. Det er altså ingen krav til tidlegare deltaking innan padling for å gå grunnkurs hav. Under kurset lærer ein å bruke kajakken og utstyret på ein effektiv og trygg måte. I tillegg blir ein kjend med verdien av å padle i ei gruppe, enkle sikkerheitsrutiner og øvingar, samt korleis ein effektivt kan manøvrere kajakken ved hjelp av teknikkar.
Meir konkret, er det dette som står i pensum for grunnkurs hav:
- Løfte, bere, sjøsette og entre kajakken
- Effektiv framoverpadling
- Bakoverpadling og stopp
- Sidevegs forflytning av kajakken
- Lavt støttetak
- Bakre styretak
- Sving (sveipetak og styretak)
- Ilandstigning
- Sikring av kajakk etter ilandstigning
- Redningsteknikkar
- Skadeforebygging
- Planleggjing av enkel tur som skal gjennomførast
- Generell sikkerheit og grunnleggjande sjømannskap
- Generelt om friluftsliv og Allemannsretten
- Sporlaus ferdsel i naturen
Om du har spørsmål, eller er interessert i kurs, kan du ta kontakt med meg via e-mail: olea96@live.no.
På Våttkort-sidene finn du ei oversikt over alle kurs i næraste framtid.