Den 25. september 2012 kom mi grønlandske søster Aaviak til Sunnmøre. Ho er ein Tahe Marine Greenland, som eg hovudsakleg skal bruke til leik, rulling og framtidige rullemeisterskap. Aaviak har ein mjuk raudfarge og er kremkvit framfor cockpit som gjer ho til ein av dei flottaste kajakkane eg har sett! Eg er STOLT av denne hæææærligheita!
Namnet Aaviak (uttale: Auiak) er eit grønlandsk jentenamn. Eg fann dette namnet i ei grønlandsk ordbok, og fann då også ut at eit ord med same uttale og skrivemåte tyder størkna blod. Dette var eit namn som passar til henne då ho ikkje er noko til pyse! Ho er ikkje døypt enda, men ho skal døypast i laupet av hausten.