I dag har eg kjøpt meg ny båt! Eg har kjøpt ein North Shore Polar, ein båt eg virkelig har sansen for. Eg var til Herøy i dag formiddag, der fekk eg prøve North Shore Polar og North Shore Atlantic LV. Eg likte Atlantic heilt greit, men han var ikkje heilt god for meg. North Shore Polar er ein av dei beste båtane eg har prøvd. Eg likar at eg kan kante den ganske mykje før han veltar. Det var enkelt å utføre teknikk i denne kajakken, og eg klarte å halde følgje med dei andre. Dette blei til slutt min kajakk!
Eg er heilt oppe i himmelen etter å ha kjøpt meg kajakk. Eg, mamma, pappa, Trygve, Bonus, Elin og Elias tok turen til Snipsøyrvatnet for å leike oss litt. Bonus var litt skeptisk til å vere i kanoen, men roa seg litt etter kvart. Plutselig var det ikkje so greit lenger, og han gøydde og blei urolig. Plutselig datt han i vatnet. Då blei det stilt! Men då han kom opp i kanoen igjen blei det heilt greitt. Fraus litt, kanskje litt redd. Men kva skal ein forvente av ein kvalp på 12 veker som har vore i båt ein gong før?
Eg er storfornøgd med den nye kajakken. No skal eg bli mykje meir aktiv i padlinga. Eg gler meg til å kome ned i båten igjen!
Gratulerer!
Tusen takk! 😀