I dag var grunnkurset på andre og siste dagen. Klokka 10 møtte vi opp på Kjeldsund. Overraskande nok var det veldig få som kjende noko etter padlinga i går. Eg tøya ut i eit kvarter i går, og kjente difor ikkje noko. Vi hadde «padle-yoga», som Tor Inge kallar det, som oppvarming. Litt tøy og bøy, her og der. Vi kom oss på vatnet rundt 10.25. Då varma vi opp med «Kajakksisten».
I dag starta vi med «Følg leiaren» for å repetere teknikkane som blei lærte i går. Det gjekk veldig bra. Då vi hadde padla litt, gjekk Tor Inge igjennom kanting og bakre styretak. No skulle vi følgje land, og bruke kanting og svingeteknikkar aktivt. Etter ei stund med svinging og kanting, stod åreposeredning på menyen. Eg synes dei klarte det veldig bra. Eg øvde litt på andre redningar, sidan eg føler eg har åreposeredning på plass. Eg prøvde også å stå i kajakken, men fekk det heller ikkje til i dag.
Vi padla langs land, med aktivt bruk av svingeteknikkar og kanting, bort til laguna ved Bakarholmen. Vi tenkte vi skulle ta pause her. Bakarholmen er ein veldig fin plass for telting. Men vi gjekk i land på andre sida av laguna. Her er det steinar å sitje på, og ein bålplass. I dag prata vi litt om kajakkar med og utan skott. Eg ville vise dei «Kleopatras nål». Det er slik ein kajakk utan framskott vil oppføre seg om ein veltar utan spruttrekk. Men det skulle vi ta seinare.
Då pausa var ferdig, gjekk vi igjennom lavt støttetak før vi padla vidare. Tor Inge ville ha stafett, so vi skulle finne ein passande stad for det. Etter rundt ein time med padling, kom vi til ein plass som var perfekt for stafett. To lag med fire personar – med to lag innanfor det igjen. Ein i cockpiten, og ein på bakdekket. Om å gjere å padle fortast mogleg utan å velte. Padle bort til Tor Inge og tilbake igjen. Når ein kom tilbake, skulle ein skifte, slik at dei to andre på laget skulle ut på. Eg var passasjer på bakdekket. Det andre laget vann med eitt minutt, men det var veldig kjekt likevel. Vi tok også ein Shetlands-Larsen med fem padlarar på ein kajakk. Vi klarte det ganske bra, men velta då tang og tare hengte seg opp i venstrefoten til alle på kajakken. Artig! «Kleopatras nål» var neste på programmet. Av med spruttrekket, og Tor Inge tok av luka og begynte å senke baugen. Det gjekk ikkje so lenge før både framskottet og cockpiten var full med vatn. Men no stod det igjen å tøme båten. Eg og Tor Inge fekk det til på eit vis etter ei lita stund, og tok til slutt med ei kamerat-redning. Er glad eg har framskott i kajakken min!
No skulle vi begynne på tilbakevegen. Vi var nærare Kjeldsund enn det eg trudde. På vegen tilbake, la eg merke til at ein av deltakarane hadde blitt veldig flink med kanting etter endt kurs. Veldig bra! Vi bar opp kajakkane, og eg pumpa opp det meste av vatnet i skottet før eg tok resten med svamp. Eg var utslitt etter helga, merka eg.
Det har vore veldig lærerikt å få vere hjelpeinstruktør på dette grunnkurset. Dette kan gjere meg til ein flinkare instruktør, når eg kan begynne å halde kurs sjølv.
Bilda er i frå begge dagane. Tor Inge har vore fotograf 🙂
Takk for ei spennande og lærerik helg!
Veldig kjekt du konne bli med Olea, og det var tydelig at deltakarane satt pris på du var der, du kom jo med fleire innspel i opplegget og bidrog til å heve kvaliteten. Tommelen opp!
Det var bra eg var til nytte på kurset. Eg koste meg heile helga. Gler meg berre enda meir til aktivitetsleiarkurset er gjennomført! 🙂