Spøkjelseshus på Krøkja

I går skulle Susan og to av jentene hennar til Herøy for å prøve nokre kajakkar. Og sidan eg skulle kjøpe meg litt padleutstyr, tok vi turen ut. Heller ikkje kvar dag ein møter Susan og dei. So kvifor ikkje?

Då vi kom fram til Herøy, var Susan og jentene allereie godt i gong med å velje ut kajakkar dei skulle prøve. Det blei bestemt at det skulle prøvast North Shore Polar, Zegul 530 og Zegul 470. Når vi likevel var ute i Herøy, kjøpte eg meg slepeline og padlesko. Vi begynte å bere kajakkane ned. Om ikkje so lenge etterpå, var vi på sjøen.

Vi snirkla mellom holmar og skjer. Under eit gjerde og under ei bru. Etter ei lita stund med padling, gjekk vi i land på ei lita øy – Krøkja som ho heiter. Her stod det eit gamalt, grått hus. Ved sidan av er det smie, gamal grisebinge, rotne tre og eit lite setershus. «Det spøkar her!» sa Tor Inge. Og då ein berre sjå på det! Ein kunne sjå ei gamal seng på loftet der vi trur smia har vore. På bakken såg vi ein gamal sko som var laga av tre og skinn.

Det såg ut som om dette har vore eit herskapleg hus ein gong i tida. Det var mykje detaljar på veggane, karmane rundt vindauga og dørene såg ut til å ha vore lagt ein del arbeid i. Treverket som sjølve huset har vore laga i, har vore veldig fint skore til. På veggane inne har det ein gong vore fin, blå tapet med mønster i. Det meste av det har flassa av, men in kunne sjå litt av det. Det var kvite fliser på kjøkenveggane. Huset utanpå har vore kvitt i si tid. Kvitmaling var veldig dyrt før, so det har nok ikkje vore fattigfolk som har budd i huset! På taket var det dropestein. Det har vore lagt mykje arbeid i dette huset, det er det enkelt å sjå! Det hadde vore ganske kult å sjå huset slik det var på sine beste dagar.

Vi tenkte det hadde vore greitt å kome heim same dagen, so vi vende nasa tilbake til kaia. Då vi kom tilbake etter ei lita stund med padling, stod badinga for tur. Drakta mi lek litt, so vi måtte finne ut akkurat kor ho lek. Balanseøving er ein god idè, so det blei ein liten kiss-the-bow. Den gjekk heilt fint. Plutselig var eg på tvers i kajakken, som ein gyngestol. Eg tippa til slutt bakover, og det blei bading. Balanseøving er veldig greitt på alle måtar, eigentleg. Og det er veldig morosamt i tillegg. Det blei ikkje rulling, men litt redningar blei det. Greitt å øve på slik at det ikkje går gale den dagen ein treng det.

Takk for turen!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Turar. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s